20 smittetilfelle onsdag

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
I går meldte Vestnes kommune om 20 nye smitte-tilfelle. Ingen av desse er skuleborn.
Alle skuleborna i Vestnes vart oppmoda om å teste seg før skulestart etter juleferien, og vi hadde nesten forventa eit stort hopp i tala på smitta. Men i følgje kommunelege Sabine Bredeli Relling er det ingen av desse som har testa positivt.
Saka held fram etter annonsen
– Sju av dei 20 tilfella onsdag, gjeld tilreisande til Vestnes. Resten er lokalbefolkning. Dei som er smitta blir isolert etter gjeldande reglar, fortel ho.
Måndag og tysdag denne veka hadde vi til saman åtte smitte-tilfelle. Om dette er omikrom har kommunelegen heller ikkje fått stadfesta.
– Vi får ikkje opplyst dette når vi får resultata. Men det er omikrom som er dominerande no, seier kommuneoverlegen.