Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Åtvarar om svært kraftige vindkast i morgon

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Hold på hatten. I morgon skal det blåse igjen. Vermeldingstenesta yr melder at det i Møre og Romsdal vil kome svært kraftige vindkast, spesielt langs kysten og sterk storm.

Yr har nok ein gong plassert eit trekanta farevarsel på vêrmeldinga for Møre og Romsdal. Denne gongen eit oransje eit som markerer svært kraftige vindkast.

Saka held fram etter annonsen

Dei ventar auking til vestleg full storm 25 meter i sekundet, søndag ettermiddag. Utover kvelden kortvarig sterk storm på kysten, dreiande mot nordvest. I Vestnes kan vi få vindkast på 30-40 meter i sekundet og langs kysten enda sterkare vindkast.

Det verste skal ha roa seg til måndag morgon.