Bjørn Tomren: – Eg er nysgjerrig på kva eg klarar

– Livet er blitt enda meir hektisk etter Stjernekamp, fortel Bjørn Tomren.
Han er stadig på farta, men i helga var han heime i Tomrefjord og tok seg tid til ein prat med Vestnesavisa. Han fortel om ein musikkprega oppvekst og jakta på strabasiøse opplevingar.
Det er søndag føremiddag og iskaldt i lufta i Tomrefjord. I eit gult hus i Tomrelia har Bjørn Tomren vakse opp. Her bur framleis mora hans, medan far hans gjekk bort i november i fjor.
Då vi ringer på døra, er det han og ei lita tulle med smokk i munnen som møter oss.
– Hei, smiler Bjørn Tomren og presenterer dottera. – Dette er Liv Åse, fortel han.
Ho kom til verda for litt over to år sidan. Mor hennar, og Bjørn Tomren sin kjæraste, Åse Britt Reme Jakobsen, er lengre inni gangen og held på å gjere dei klar til trilletur.
Bjørn Tomren serverer kaffi i mummikoppar på kjøkkenet heime, og fortel at han er ganske støl i kroppen etter ein skitur på Tomrefjellet i går.
– Eg kjenner meg heldig når eg får gå tur på ski, seier han.
Ein kamerat ringer og spør om han var nøgd med gårsdagens sending av Nytt på Nytt, der Bjørn Tomren var med som gjest.
– Ja, det var greitt nok. Men eg var veldig trøytt, seier han.
Vart veldig lei
Det var i oktober Bjørn Tomren vann Stjernekamp på NRK, og vart vidare kjent utover landet.
– Kva tenkte du i det augeblikket du vart utropt som vinnaren?
– Eg veit ikkje heilt om eg hugsar det. Eg vart overraska. Det kom ei slags kjensle av uverkelegheit. Det var også komisk å vinne Stjernekamp med ei jodlelåt, sjølv om eg hadde ein song til, fortel han.

Han følte han levde i ei boble då Stjernekamp føregjekk. I dei fyrste episodane var det berre ein song han skulle synge, men så vart det dobbelt opp, og så trippelt.
– Det vart veldig mykje øving og TV-opptak. Eg var av og til veldig lei, og ynskte nesten at eg skulle bli stemt heim. Det var gjerne måndagane eg fekk denne kjensla, men så blei det gøyare igjen utover veka, fortel han.
Intens musikkinteresse
Bjørn Tomren fortel at då han gjekk i sjuande klasse på Tomrefjord skule, valte han musikk som valfag med Geir Wammer som lærar. At vi har så mange sterke songarar frå Tomrefjord og Vestnes, trur han kan forklarast med at det har vore eit stort musikkmiljø.
– Eg vart også litt smitta av bror min Tore. Han spelte i eit band, og med tida vart eg også med i bandet. Eg spelte litt på bassen hans, og så byrja eg med gitar. Vi var interessert i engelsk og amerikansk musikk frå førre århundre. Vi hadde bluesband og Vangsgutane på Vestnes. Brassmiljøet i Tomrefjord var ei anna grein. Eg var ikkje noko stor del av dette miljøet, men alle har bidrege til at det har blitt eit variert musikkmiljø i Vestnes, seier Bjørn Tomren.
Då han byrja på vidaregåande skule i Molde var det også eit intenst fokus på musikk. Alle pengane ungdomane han hadde til overs, gjekk til å kjøpe CD-plater.
Nysgjerrig på eigne grenser
Før Bjørn Tomren vart musikar på heiltid i 2007, arbeidde han på ein regional sikkerheitspost på eit psykiatrisk sjukehus i Bergen. Han har også vore klovn på eit mindre familiesirkus.
Året etter arbeidde han på Tomrefjord skule, Fiksdal skule og med psykisk utviklingshemma, for å tene pengar til nye eventyr.
– I 2009 padla eg Finland på langs, fortel han.
Han har også rekord i «Norge på langs», då han har padla, rodd og gått på ski frå Lindesnes til Nordkapp.
– Kva driv deg til å finne på slike sprell?
– Eg er litt usikker. Etter at eg hadde padla Noreg på langs, tenkte eg at det hadde vore spanande å gå Noreg på langs med ski. Eg tykkjer det er veldig fint å vere ute i naturen, og så er eg nysgjerrig på om eg greier det. Taklar eg å vere åleine ute i fjellheimen på vinterstid? Det var slitsamt i byrjinga, men eg fekk også opplevd mykje på desse turane, fortel Bjørn.
20. januar 2013 starta han å gå frå Lindesnes, saman med Endre Ruset, som var med ein tredjedel av turen. 27. april på bursdagen sin, var han framme.
– Vi måtte gå dei første dagane, og fekk snø frå Snartemo og nordover, fortel Bjørn.
Turane bydde på mange opplevingar undervegs. Han og Endre Ruset vart til dømes matforgifta på eit hotell i Setesdal nasjonalpark.
– Det førte til at vi måtte vere der ei ekstra natt. Plana etterpå var å gå fem kilometer, men så møtte vi på ein veldig djup og tung snø. Vi sto med snø til midja i 20 minusgrader, og tenkte kva gjer vi no. Vi kom oss ikkje så langt som planlagt, men ein lærer veldig fort korleis ein skal handtere ulike utfordringar. Det var i alle fall spanande, fortel Bjørn.
– Du er glad i å oppleve ting?
– Ja, men eg er også glad i å ikkje oppleve noko, seier han.

Ynskjer å flytte heim
Når det er helg og Bjørn er heime i Tomrefjord, er han gjerne saman med vennar, øver på songar, går på fjellturar eller spelar snooker-biljard med kameraten Bernt Fylling.
– Det er mange stader Bjørn Tomren kunne tenkt seg å sjå. Han nemner Amazonas, India, Italia, Japan… Han kunne også tenkt seg å sykle Noreg på langs med eithjulssykkel.
– Det hadde vore artig å prøvd. Men eg veit ikkje heilt når eg skal få tid til det. Eg får ikkje tid i sommar, og heller ikkje neste sommar, seier han.
Kalenderen på telefonen er fylt opp med avtalar. Han flyg ofte mellom Oslo og Bergen, og kunne også tenkt seg å flytte heim til Tomrefjord.
– Eg er så mye ute å reiser uansett. Reint profesjonellmessig er Oslo beste plassen å bu, for då er vegen kortare til tv- og radioproduksjonar. Eg har lyst å flytte heim, for eg er så glad i naturen. Her har vi også mykje venner og familie. Eg ynskjer å ta med Liv Åse ut i naturen, på sjøen og vise ho alt, seier Bjørn.
Sambuaren er heller ikkje heilt framand for tanken, men samstundes har dei eit liv i Bergen, der ho arbeider og driv mykje med musikk.
Så sant ikkje koronarestriksjonane stansar planane, startar Bjørn Tomren i neste månad med turneen «90 minutt du aldri får igjen». Han byrjar i Ål og 25. juni kjem han til Idahall i Tomrefjord.
Vi tek med oss Bjørn Tomren ut for fotografering. Kjærasten er komen tilbake frå tur, men Liv Åse er like vaken.
– Hei, lille skatten min. Vil du heller sove i senga di?, spør Bjørn.
Ho svarar naturlegvis «nei».
Det er mykje som har forandra seg i livet siste åra for musikaren frå Tomrefjord, og nye eventyr ventar.