Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Desse har fått støtte av Kulturminnefondet

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Kulturminnefondet i Møre og Romsdal har gjeve 190.000 kroner i støtte til stormast og mesanmast til Søblomsten. To andre søkjarar frå Vestnes har også fått tildelt midlar.

Det er Båtbyggarmuseet som fekk 190.000 kroner i støtte til nye master.

Saka held fram etter annonsen

Bedhusets venner i Skorgen har også fått tildelt 100.000 kroner i støtte til nytt tak på Kjellbotn bedehus.

Ottar Johan Aare har og fått 100.000 kroner i støtte til restaurering av skuta Auno.

Rekordmange søkjarar

Aldri før har Kulturminnefondet motteke så mange søknader på eit år. 2.112 søknadar var komen inn ved årets slutt. I Møre og Romsdal var det ei auke på over 40 prosent samanlikna med 2020. Dette førte igjen til at Kulturminnefondet ga støtte til 44 prosent fleire prosjekt enn året før.

Fylket vårt har fått tildelt vel 75 millionar kroner som skulle fordelast mellom alle søkjarane.

– Vi er veldig nøgde med at så mange har søkt om støtte. Stadig fleire ser verdien av å ta vare på kulturminne, og dei ser at bygget dei eig, båten de siglar med og huset dei bur i har ein verdi i lokalsamfunnet, seier styreleiar i Kulturminnefondet Tine Sundtoft.

Saka held fram etter annonsen