Dette sa ordføraren i nyttårstala si

– Eg håper av vi i løpet av 2022 kan byrje å sjå slutten på denne krisa, startar ordførar, Randi Bergundhagen med i si digitale nyttårstale.
Ho hadde også ei melding til ungdomen og viser til alt det positive som har skjedd i Vestnes i 2021.
– 2021 går inn i historiebøkene som eit globalt kriseår, sa ordføraren i Vestnes i nyttårshelsinga si.
Ho oppmoda om at vi må halde ut litt til, slik at 2022 kan bli det bli året vi drøymde om og der vi kan gjennomføre planar. Koronapandemien har fått konsekvensar for nesten alle aspektar av samfunnet og liva våre. Den har råka næringsverksemder, kulturlivet og kvardagen vår.
– For nokre har det vore fint at kvardagen har gått litt sakatare, men menneske treng menneske. Koronapandemien har råka mange av dei som er mest sårbare frå før. Barn og unge, eldre og andre sårbare grupper. I Vestnes har vi tatt viktige grep for å gjere kvardagen best mogleg for våre innbyggjarar, sa Bergundhagen.
I kommunen sine val og prioriteringar skal nøkkelorda vere tryggleik og økonomisk ansvarlegheit sa ordføraren. Ho la også til at det gjer dei samstundes med å tenke på investeringar for framtida.
– Krevjande tider klarnar både hovudet og hjartet, og får oss til å rydde bort det som ikkje er viktig, sa ho.
Ver de sjølv
Ho hadde også ein melding til ungdomane som har fått satt ungdomstida si på vent.
– Verda venter på dykk, og eg håper også de ryddar vekk det som ikkje er viktig, og at de får mot til å stå imot press og forventningar frå sosiale medium og samfunnet elles. Ver den du er og lev på ein måte som er meiningsfull for deg. Be om hjelp om du treng det. Hald fram med å vere utolmodig, seier ho.
Mykje har skjedd
Ordføraren viste også til positive hendingar i 2021. Mellom anna at vi har blitt ein større kommune med nye bygder. Vi har tatt i bruk Stella Maris til stor glede for mange. Vi hadde festival i sommar på Vestnes der vi feira hundre årsdagen til den første bilferja. Ein ny gatefestival blir det til sommaren igjen. Det er opna ein ny ungdomsklubb i kommunen. Kjøpesenteret har fornya både namn og utsjåande, og Kataholmen har blitt satt i stand med eit fyrtårn mot plast.
– Så kjenner vi vel alle at vi vann litt i Stjernekamp i år også, legg ho til.
Stolt over innsatsen
Bergundhagen seier ho er stolt over innbyggjarane i Vestnes.
– De er positive til tross for snart to år med pandemi, og fylgjer smittevernreglane som stadig endrast. Det er så mange som fortener ros, som jobbar hardt for å bidrege på sitt fagfelt. Vi er avhengige av kvarandre for å halde smittetala nede, men også oppteken av å skape vekst i det lokale næringslivet, sa ho.
Vi går inn i det nye året med forventningar og håp, og med tanke på alt vi får til saman, ynskja ho godt nytt år på vegne av Vestnes kommune.
– Alt vil ikkje bli som før, men det vil bli bra, seier ordførar Randi Bergundhagen.