Fare for det meste vêrmessig i morgon

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Yr melder opptil ni grader i Vestnes i morgon, kraftige vindkast, svært mykje regn og difor fare for det meste.
I følgje yr.no får vi i morgon ekstrem fare for snøskred. Nivået ligg på raudt, og det er den høgste kategorien på faresklaen. Det er difor ingen god ide og planleggje fjelltur i morgon.
Saka held fram etter annonsen
Myke nedbør kombinert med snøsmelting gjev også stor fare for flaum på utsette stader.
I tillegg er det oransje nivå og stor fare for jordskred onsdag og torsdag. Vi anbefaler alle med grusvegar å gjere det dei kan for å leie vatne vekk frå vegen.
Fleire jord – sørpe- og flaumskred er venta i Møre og Romsdal, og elles i stor deler av Midt- og Sør-Noreg.