Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Lurar du på kva sopp du finn? Nina kan hjelpe deg

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Sopplukking har blitt populært. Men konsekvensen av å ete feil sopp kan bli feil. No kan endeleg Vestnes skilte med eigen soppsakkyndig.

Søndag ettermiddag inviterer soppsakkyndig Nina Fiskerstrand til sopptur med oppstart frå Europris. Målet er å sanke sopp, for så å lære folk korleis ein ser forskjell på dei ulike typane sopp.

Saka held fram etter annonsen

– Det er framleis mykje god matsopp i skogen, seier Fiskerstrand.

Ho har nyleg bestått eksamen som soppsakkyndig ved Norges sopp og nyttevekstforbund. Dermed kan ho halde soppkontroll både fysisk og digitalt. Frå neste år planlegg ho å halde soppkurs på Vestnes.

Etter soppsanketuren på søndag vil ho hjelpe til med å kontrollere soppen som deltakarane har plukka.

– Det vert også ei lita sopputstilling, seier ho.