Nesten ein million til Gjermundnes – No blir det ny traktor

Politikarane Geir Inge Lien (SP) og Per Vidar Kjølmoen (AP) besøkte fredag Gjermundnes vidaregåande skule i anledning støtta skulen har fått tildele frå Utdanningsdirektoratet.
Gjermundnes vidaregåande skule er ein av fem skular i Møre og Romsdal som mottek støtte til å kjøpe utstyr for yrkesfagleg utdanningsprogram.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartement har Utdanningsdirektoratet tildelt 77 million kroner som skal gå til skular over heile landet.
Samsvar med søknad
Vestnesavisa møte rektor Aadne Runar Haarr, Geir Inge Lien og Per Vidar Kjølmoen fredag på Gjermundnes. Skulen får 980.000 kroner til støtte.
– Det samsvare med søknaden vår, seier Haarr. Han fortel vidare at søknaden var spesifisert inn mot ein traktor.
Hjå Gjermundnes skal dei halde på med opplæring. Samstundes som garden skal drivast. Frå før har skulen 12 traktorar, men fleire av desse er snart 30 år gamle.
Sidan dei har opplæring for elevane så trengs det heile tida ei fornying. Haarr legg til at dei rett nok er realistiske.
– Vi skal ha sikkerheit for elevane våre, blant anna med to seter i traktorane. Det finns ikkje på nokon av dei gamle som vi har, fortel Haarr.

Positivt overraska
Ein traktor har stått på prioriteringslista i fleire år. Midlane som dei no får gjer at ynskjelista som skulen har blir mindre.
Skulen bestemme seg for å sende inn ein søknad med det same dei oppdaga at det var mogleg.
– Eg er veldig positivt overraska over at me fekk svar så raskt, seier Haarr. Søknaden vart sendt i desember og svaret kom nokre veker seinare.
– Den nye regjeringa jobbar raskt og effektivt, kjem det brennkvikt frå Kjølmoen som set ved sidan av.
Dyrt med ny traktor
Haarr må no vurdera kva slags traktor skulen skal kjøpe. Det er rett nok dyrt med ein ny traktor.
– Kva kostar det for ein ny traktor?
– Viss me skal ha ein ny traktor med alt av utstyr så er det fort over ein million kroner. Vi kjøper uansett traktoren me skal ha, svarar rektor.

Prioriterer yrkesfag
Kjølmoen seier at utgangspunktet til Arbeiderpartiet og Senterpartiet er at den førre regjeringa prioriterte både yrkesfag og distriktsfylka for lavt.
– Vi har vore opptatt av å representere eit alternativ til den politikken som var og prioritere opp yrkesfag og distrikt. Både eg og Geir Inge har sitje på fylkestinget og prøvd å prioritere yrkesfag, men det har vore veldig vanskeleg med tronge budsjett. No har me kome i ei ny rolle der vi kan styrke yrkesfag frå Stortinget og det er veldig kjekt at Gjermundnes får eit ekstra tilskot, seier Kjølmoen.
Han forklarar vidare at Møre og Romsdal er eit av dei største fylka innan yrkesfag. Seksti prosent av elevane innan vidaregåande skule veljar yrkesfag.
Det er dei heilt avhengig av viss industri- og næringsfylket Møre og Romsdal skal utvikle seg.
Må vere likt utstyr
Kjølemoen påpeiker at det er veldig viktig for dei som veljar yrkesfag at utstyret på skulen er likt det som finnast i arbeidslivet.
– Då er det kjempebra at vi kan gi eit tilskot no slik at Gjermundnes får ein traktor som er lik den elevane møter i arbeidslivet, seier Kjølemoen.
Lien legg til at dei ser eit stort behov for å få fagarbeidarar. Han er forresten tidlegare student ved Gjermundnes.
– Statusen til fagarbeidaren har hatt altfor lite fokus. Det har vore snakk om høgare utdanning og det har ikkje vore status nok å få opp statusen på fagarbeidaren, seier Lien.
