Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Planutvalet seier ja til skytebaneregulering

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Planutvalet seier ja til detaljreguleringsplanen for skytebanen på Vågstranda. Vedtaket var samrøystes og saka vert no sendt vidare til kommunestyret.

Før saka vart tatt opp til debatt vart det reist ut på synfaring på Vågstranda Skytebane. Der fekk planutvalet ei orientering og omvising av anlegget. Per Anders Gjermundnes og Øystein Solbakken frå Vestnes og Vågstranda Skytterlag tok i mot politikarane og svarte på spørsmål.

Saka held fram etter annonsen

Kommunedirektøren si innstilling var utelukkande positiv til detaljreguleringsplanen, og planutvalet støtta seg til denne innstillinga i si handsaming av saka.

Mange innspel

Plansaka har vore på høyring og det har kome inn mange innspel til saka. Langt frå alle er positive. Fleire naboar til skytebanen uttrykker bekymring for auka aktivitet og auka støy frå skytebanen. Vestnes og Vågstranda Skytterlag har på si side opplyst at det ikkje vil bli nemneverdig høgare aktivitet eller meir støy enn det er i dag.

Saka held fram etter annonsen

– Den endringa me vil gjere no i første omgang er å gå over til digitale blinkar. Det vil gjere det enklare for oss, men vil neppe føre til særleg auke i aktiviteten, seier styreformann i Vestnes og Vågstranda Skytterlag, Øystein Solbakken.

Det vart opplyst at hovudtyngda av skyteaktiviteten er på seinsommar og tidleg haust då jegrar i området skal skyte opp før jakta startar. I år var det om lag 140 jegrar som skaut opp til storviltjakt.

Utover det vert det opplyst at det i hovudsak er nokre stemner i året, og at skyteaktivitet elles vert som før med eit par timar to kveldar i veka.

Positivt utval

Planutvalet var positive til detaljreguleringa. Skafti Helgason (SV) kommenterte at han sakna fråsegn frå landbruksansvarleg i Vestnes kommune angåande bruk av arealet.

Sakshandsamar Jan Rune Jacobsen kommenterte at dette truleg heng saman med at arealet allereie var avklart til formålet.

Planutvalet var samrøystes positivie til detaljreguleringsplanen og saka vert sendt vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Nøgd styreformann

Øystein Solbakken er svært nøgd med utfallet i planutvalet. No kan skytterlaget byrje og tenke framover og leggje meir langsiktige planar. Gitt at reguleringsplanen vert godkjent i kommunestyret.

Styreformann i Vestnes og Vågstranda Skytterlag, Øystein Solbakken.

– Me er takksame for at det vart eit positivt vedtak. No får me eige areal til utvikling av skytterlaget. Det gjer at me kan satse vidare og arbeide meir målretta med rekruttering, seier han.

Han fortel at skytterlaget ønskjer å vidareutvikle tilbodet og rekruttere ungdom til skyttersporten. Ein godkjent reguleringsplan vil i følgje Solbakken gjere dette arbeidet enklare.