Skiftar mellom Norge og Italia

På bubilplassen ved småbåthamna er det ofte fullt. Denne dagen er det berre to biler som står oppstilt. På den eine står sidedøra open og ved bordet sit ei kvinne og ein mann i ferd med å avslutte eit måltid. Vestnesavisa ber om eit intervju og paret seier med breide smil: «Yes, of course!»
Han viser straks fram favorittpålegget sitt: Nutella, nordisk sjokoladepålegg. Det er ikkje i handelen i Nederland der han kjem frå, han kjøper alltid inn nokre glass når han er i Norge.
Kona ristar energisk på hovudet, dette er ikkje etter hennar smak, han får ha sjokoladepålegget sitt for seg sjølv. Elles skryt ho uhemma av grovbrødet ho kjøper på Rema. Det er sjeldant godt og velsmakande, hevdar ho med overtyding.
Ho legg til at dei ofte også kjøper bakervarer på Braud som både duftar og smaker utmerka.
Norge og Italia
Ekteparet presenterar seg som Barbara Ederveen og Walter Winkler og at dei kjem frå Groningen i Nederland. Dei fortel at det er fjerde gongen dei er i Norge og dei ofte har vore her på Vestnes, dei likar staden og dei får absolutt alt det dei treng her.
– Du forstår, vi har kvart vårt favoritt-ferieland, seier Barbara. Eg liker aller best å dra til Italia på ferie medan mannen min likar Norge best. Derfor må vi dra til Norge og Italia annankvar gong for at begge skal vere glade og nøgde, smiler ho bak solbrillene som skiftar farge etter kor sterk sola er. Når det er sagt, så opplever eg Norge som eit praktfullt land, «superb well organized in all ways». Det er god sørvis overalt, folk er blide og vennlege.
Vêret og naturen
Dei meiner altså at Norge er godt strukturert på alle sett og vis. Dei er også opptatt av naturen, variasjonen i vêret er berre oppkvikkande. Ho er også fasinert av dei isblå fjordane, dei irrgrønne områda opp mot dei kvitkledde fjelltoppane. Dei set også pris på at det er så langt mellom folk her i landet, det er ikkje så tettpakka med folk overalt som det er i Nederland.
Dei parkerte nedst nede på Livneset sist dei var her, då hadde dei alt dette ho skildrar rundt seg. Det var eventyrleg, det finst ikkje nokon vakrare plass for bubilar enn på Livneset. Den gongen opplevde dei også jazzfestivalen på Molde, det var eit minne for livet.
Gamle mor
Paret har vore nøye med å ta med seg mødrene sine på turar etter at dei blei enker. Walter fortel at dei sist mai tok med seg mor hans på over 90 år på direktefly frå Amsterdam til Ålesund.
Dei leigde seg bil og tok turen til Vestnes, ein av sine favorittstader i Noreg. Mora var svært nøgd med opphaldet på Vestnes, spesielt likte ho å gå på Braud. Her fekk ho nydelege kaker og svært god kaffe.
Kva skjuler seg inne i det digre, raude huset?
– Mor kosa seg på Vestnes, prominerte på sjøfronten og vi var heldige med vêret, seier Walter. Men ho lurte fælt på kva som var inni det store lagerbygget midt i sentrum og det har heller ikkje Barbara og eg funne ut av, seier Walter vidare.
Vestnesavisa ser at døra inn til plasthallen står open og tilbyr seg straks å vise dei kva som skjuler seg der inne. Peter Brennvik og ein annan mann held til med arbeid oppe på dekket. Peter er straks positiv og vil gjerne orientere om båten.
Barbara og Walter kjem bort til hallen. Peter opnar portane og Søblomsten openberrer seg i all sin velde for dei to nederlenderane. Peter informerer på flytande engelsk om historia til båten. Dei er imponert over prosjektet og ytrar ønske om å komme tilbake for å sjå båten på sjøen med fulle segl. Dei tok mange bilde, no skulle Walter vise mora kva for ein skatt som låg inne i plasthallen.

Lofoten – Lyngsalpene
Dei skal dra vidare etter nokre dagar på Vestnes, dei dreg mot nord, langt mot nord. Dei skal besøke Lofoten og dei skal nyte Lyngenalpane, på avstand vel og merke. Dei har berekna å vere i Noreg i to månader med eit opphald på ei veke, då dei reiser heim til Groningen for å sjå til gamle mor.