Tomrefjording vart nyttårsbarn

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Rebekka Valen og Simon Bjørkevoll fekk nyttårsbarn femten minutt inn i det nye året på Molde sjukehus.
– Mellom to rakettsmell kom han til slutt. Det er ikkje mange som får en så bra velkomst inn i verda, seier den stolte faren.
Nyttårsguten har fått namnet Storm William Bjørkevoll. Han blei fødd 51 cm lang og veg 4.060 gram. Med andre ord ein stor gut.
Saka held fram etter annonsen
– Det var ein hard fødsel. Med masse fyrverkeri utanfor vindauget på sjukehuset vart det erklært aktiv fødsel. Kort tid etter klokka 00:15 var han ute, fortel den stolte pappaen.
Simon fortel at Storm et godt, og søv framleis mykje, og dei gler seg til å ta han med heim til Tomrefjord.
Far fortel at dei er veldig nøgd med servicen på Molde sjukehus.
– Vi fekk også gåver fordi vi fekk eit nyttårsbarn. Eit babyteppe frå fødeavdelinga og eit sølvarmband frå Gullsmed Hansen på Roseby, fortel Simon Bjørkevoll.
Vi gratulerer så masse med den flotte tomrefjordingen og ynskjer han velkomen til verda.