Under 20 kroner literen igjen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Tysdag morgon hadde alle bensinpumpene i Vestnes drivstoff til under 20 kroner literen. Dette er eit kraftig prisfall sidan førre månad.
Tysdag morgon hadde Bunker Oil i Tresfjord og på Furland diesel til 19,59 kroner literen, og bensin til 19,78 kroner.
Saka held fram etter annonsen
Shell på Vestnes sette tysdag morgon prisen ned til nøyaktig det same som Bunker Oil. Samanlikna med prisane i sommar som normalt låg på mellom 26 til 28 kroner er dette eit kraftig prisfall vi alle kan juble over. Plutseleg kjenst 20 kroner literen billig, men på same tid i fjor var literprisen på diesel i snitt 15,76 kroner og bensinprisen 17, 15 kroner i følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå. (SSB)
Saka held fram etter annonsen

Det er mange faktorar som spelar inn på drivstoffprisane som oljeprisane, dollarkurs, etterspurnad og til ein viss grad lokal konkurranse.