– Vestnes er ypparleg for bubil-turistar

På den nye bubilparkeringa ved Flatevågen sit ein familie og nyt frukosten sin. Dei har rigga seg til med bord og stolar. Sjølv om det er opplett og enkelte blåe gløtt mellom skyene, har dei likevel sørga for tak over hovudet.
Dei fortel at dei tok ferja frå Hirtshals til Larvik, vidare opp Gudbrandsdalen til Dombås over Hjerkinn til Oppdal. Dei hadde som mål Innerdalen i første omgang, som dei har høyrt er den vakraste dalen i Norge. På Innerdalshytta fekk dei dei beste vaflar dei nokosinne hadde smakt. Her tok dei beina fatt ein times tid og fekk oppleve Innerdalstårnet i all si prakt. Turen gjekk etter det mot nordvestlandet, dei kom til Vestnes sist fredag og fann denne idylliske plassen ved Flatevågen. Dei har vore fleire gonger i Norge, seinast for tre år sidan, også då i bubil.
– Alt er så fantastisk her i Norge
Overalt i Norge er det lagt til rette for oss bubilturistar, derfor er det stor trafikk av denne typen turistar i Norge, hevdar dei.
– Alt er så fantastisk her i Norge, utbryt kona. Vi blir tatt godt imot overalt, folk er hyggelege og blide. Vi trivest svært godt på ferie her i landet. Og denne parkeringa ved Flatevågen er jo heilt eksepsjonelt fin. Om ein skulle påpeike noko som manglar, så er det toalettfasilitetar, seier ho.
Dei kjem frå Danmark og bur på Bornholm, eit ferieparadis for nordmenn der mange oppheld seg om somrane. Mannen driv med utrydding av skadedyr, medan kona er gartnar og har i tillegg ansvaret for to minigolfbaner. Dei har med seg dei to sønene, Alfred (12) og Andreas (10). Dei driv med handball på fritida heime begge to. Andreas klimprar òg på gitar. Gutane likar seg godt her i landet, her er mange aktivitetar lagt til rette for gutar på deira alder.
Bilproblem og attgløymde sandalar
Dei fortalde dei hadde problem med bilen, ein leigebil som var nesten ny. Det var ikkje alltid den ville starte. Det måtte dei få orden på og hadde bestilt time på VW-verkstad i Ålesund. Batteriet blei skifta og bilen var som ny. Men i hastverket om morgonen måndag, sette dei att eit par sandaler og melde frå til Vestnesavisa om vi kunne sjekke om dei framleis var på plassen. Sandalene stod der og skoa blei overlevert til rette vedkommande då dei passerte Vestnes på tysdag.

Trondheim neste
Neste mål på turen er trønderhovudstaden og dei ser spesielt fram til å sjå Nidarosdomen, både utvendig og innvendig. Dei håper på å få med seg den vakre orgelkonserten som blir spela kvar dag gjennom sommaren.