Vestnesavisa
2 minutter lesetid

– Vi må halde oss flytande

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Spar Tresfjord merkar på omsetninga at trygdeheimen er nedlagt og Tresfjordbrua er open. Men folk treng mat uansett. – Vi må halde oss flytande, seier butikksjef Are Solheim.

Medan Vestnesavisa pratar med Solheim, er det fleire kundar som legg matvarene på samlebandet.

Saka held fram etter annonsen

Butikksjefen fortel at omsetninga til butikken har gått ned etter at trygdeheimen vart stengd. Når ein ikkje lenger må betale bompengar så er det også fleire kundar som forsvinn til andre plassar.

Har gjort det greitt

– Ein merkar at brua er bomfri. Den gjer det ikkje enklare å gå inn i butikken. Vi har gjort de greitt likevel med tanke på alt som jobbar mot oss, seier butikksjefen.

Han legg til at dei heldigvis har ungdomsskulen. Skuleelevar tar ofte turen innom for å handle. – Det går i energidrikk og snop, seier Solheim.

Når elevane skal ha heimkunnskap og lage mat, så kjem dei også ned til butikken for å handla råvarene der.

Butikksjef Are Solheim ynskjer kundane velkomen med eit smil bak munnbindet.

Litt ned i fjor

Solheim fortel at 2020 var eit veldig bra år for Spar Tresfjord. I fjor gjekk det rett nok litt ned. No reiser folk litt meir enn tidlegare.

– Det er ikkje lenger like skummelt å reise til Moa for å handle som det var i mars 2020. Viss ein har munnbind på seg så kan ein handle der ein vil. Ikkje berre i nærmaste butikk, seier butikksjefen.

Saka held fram etter annonsen