Ynskjer fleire søknader på gåvemidlar

Ørskog Sparebank fortel at dei har hatt bra økonomisk resultat og auking i kundar frå Vestnes kommune. No ynskjer dei seg fleire søknader på gåvemidlar.
Å drive bank er meir enn lån og forsikring. Ørskog Sparebank er ifylgje dei tilsette ein raus bank der ingen aksjonærar skal ha eit utbytte.
Ein del av overskotet skal tilbake til samfunnet.
Den fyrste gåva vart gitt på 1880-talet, då fekk konfirmantane i Ørskog salmebøker. Sparebanken gir ikkje salmebøker lenger, men konfirmantane får fortsett gåver.
Samla gir Ørskog Sparebank årleg cirka 1,5 million kroner i gåve- og sponsormidlar.
Gåvemidlar
Vestnesavisa møtte Heidi Vik Talberg, Marianne Sæter og Hilde Furland Frostad frå Ørskog Sparebank i lokala til Braud på Alti Vestnes.
Banken deler i år, som tidlegare, ut gåvemidlar til lag og organisasjonar.
– Vi har kjemperesultat og høg vekst. Når det går bra med banken så skal det visast i lokalsamfunnet, seier Frostad.
Mange frå Vestnes har dei siste åra hatt ynskje om å bli kundar i banken.
Kombinert med godt resultat og auking i kundar frå kommunen, så vil dei ha fleire søknader på gåvemidlar.
– Det er ei oppmoding til alle lag og organisasjonar, seier Frostad.
Av større gåvemidlar kan ned nemnast at Ørskog Idrettslag, Idrettslaget Lauparen, Ørskogfjell Skisenter, Ørskog Angels og Vestnes Seilforening har fått rause gåve dei siste åra.
Barn og unge blir prioritert
Ho fortel vidare at dei med positive bidrag til lokalsamfunnet blir prioriterte. Spesielt barn og unge.
Enkeltpersonar og firma får ikkje gåvemidlar. Gåvemidlane blir fordele i alle bygde og kategoriar.
Men det er ikkje slik at ein alltid får summen man søkje på. Viss summen blir rekna for stor så kan man få litt mindre.
– Føremål og antal medlemmar spelar også inn, skyt Talberg inn om korleis sparebanken vurdera ein søknad på gåvemidlar.

Idrettslag og korps
Frostad kan fortelje at gåvemidlar blir gitt til alt innan idrett og kultur.
– Kor kjem søknadane frå?
– Veldig mykje rundt Ålesund kommune, men også Ørskog, Skodje, Sula og Haram, forklarar Frostad.
Gåvemidlar kan godt søkast til eit spesifikk føremål med eit beløp.
Enkelt å fylle ut
– Korleis reknar dykk ut kor mykje som blir gitt i gåvemidlar?
– Summen er ikkje sett enno, men normalt sett så er det fire, fem prosent av overskotet, seier Frostad.
I mars blir den endelege summen vedteke. Skjemaet for gåvemidlar er enkelt å fylle ut. Det ligg tilgjengeleg elektronisk på heimesida.
– Vi oppmodar alle lag og foreiningar i Vestnes kommune om å søkje, seier Sæter.
Den sterke veksten av kundar som er i Vestnes må gjenspeilast. Ørskog Sparebank vil gjerne gi meir pengar ut i lokalsamfunnet.