Bortetap for Tomrefjord

Eide og Omegn Fotballklubb vart for sterke for gultrøyene som måtte reise heim til Tomrefjord utan poeng.
Tomrefjord fekk seg ein utruleg hyggjeleg 4-0 siger mot Træff 2 i førre serierunde i fjerde divisjon. Fredag var det klart for ny kamp, denne gong borte mot Eide og Omegn FK.
Dessverre for spelarar, støtteapparat og supporterar vart det ikkje ny siger for Tomrefjord. Heimelaget skåra kampens einaste mål signert ved Rubem Slutås Toven etter 27 minuttar av den fyrte omgangen.
Fleire mål blei det ikkje på Eide kunstgras.
Vanskeleg motstandar
Trenar Kristian Flittie Onstad fortel til Vestnesavisa at det var ein kamp der Tomrefjord gjorde mykje bra, samstundes er det nokre ting som ikkje var bra.
– Vi har eigentleg god kontroll defensivt, men slepp inn eit altfor enkelt mål. Offensivt dominerer vi heile kampen, men vi er litt for lite nøyaktig på den siste tredjedel av spelet vårt og klarar ikkje utnytte sjansane som vi skapar, seier Onstad.
Han legg til at dei burde ha skapt fleire sjansar enn det som var tilfelle, men Onstad meiner det er positivt at laget styrer kampen.
– Eide er vanskelege å møte borte, men vi reiser dit og styrer stort sett heile kampen. Vi tar med oss at vi kan styre bortekampar på vanskeleg bortebaner. Samstundes må vi klare å utnytte det overtaket som vi skaffer oss, avsluttar Onstad.