Enkel siger for Tomrefjord

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Tomrefjordingane putta fire ballar bak heimelagets målmann og kunne reise heim frå Midsund med glade smil.
– Vel gjennomført kamp, god innstilling. Botnsolide defensivt og gode offensivt. Effektive. Veldig bra prestasjon av heile laget, skriv trenar Kristian Flittie Onstad på sms til Vestnesavisa etter kampen.
Saka held fram etter annonsen
Daniel Watt Gravdehaug skåra to mål etter høvesvis tre og fire minutt. Når heimelagets nummer ni, Benjamin Orvik, sette ballen i eige nett ikkje lenge før pause skulle det mykje til for at Midsund kom tilbake.
Toppen på kransekaka var det Gunnar Vincent Lid som stod for då han blir Tomrefjord sin siste målskårar for dagen med 0-4 etter 58 minutt. Ein fin revansj for gultrøyene etter førre rundes heimetap.
Neste kamp for Tomrefjord blir heime mot Åndalsnes laurdag 4. juni.