Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Ny idrettsleiar på Vågstranda vil at alle skal føle tilhøyrlegheit

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fredrik E. Gosch er ny leiar for Vågstranda Idrettslag. Nokre av måla hans er å involvere folk meir, og at idrettslaget skal bli flinkare til å informere om kva som skjer i klubben.

Fredrik E. Gosch er ny leiar for Vågstranda IL. Han er frå Danmark og har vakse opp på den flataste delen i landet; Herning i Jylland. Men sidan 2018 har han vore busett på Vågstranda.

Saka held fram etter annonsen

– Her er det veldig koselege folk. Eg har blitt tatt godt imot av alle, og det er lett å kome på butikken å slå av ein prat med folk, seier Gosch.

For ein som er glad i fjellet, er det ikkje lett å vere fødd i Danmark, men han likar seg på Vågstranda veldig godt.

– Her er det gode fotturar og flott natur, seier Gosch.

Til dagleg driv han med marknadsføring i eige firma, DMO Spesialisten. Han har base på idéverkstaden i sentrum av Vestnes og spesialiserer seg på reiselivsbransjen. Gosch blir beskrive av andre i idrettslaget som ein person som er veldig flink til å finne på nye aktivitetar.

Saka held fram etter annonsen

Vestnesavisa møter han ved klubbhuset Myr torsdag. Han synst det er spanande å vere leiar for idrettslaget.

Denne dagen er det orienteringskveld for dei minste. Det er andre gong orientering blir arrangert. Nyleg fekk idrettslaget også orienteringsutstyr.

Barna startar frå klubbhuset før dei bevegar seg opp mot lysløypene og gapahuken. Gosch er sjølvsagt med.

Idrettslaget skal vere ope

Leiaren er glad i aktivitet.

– Eg har alltid vore aktiv. Eg har også gått kurs innan friluft og operativ leiing. Eg prøver å gjere mitt beste utifrå det, seier Gosch.

– Kva er visjonen din for klubben?

– Eg synst at idrettslaget skal vere ope og transparent. Her skal medlemmane føle at det er deira idrettslag. Det har eg trua på, svarar Gosch.

Medan vi går oppover mot gapahuken blir han merksam på nokre gutar langt oppi skogen som er med på orienteringa. Han roper på dei, at gutane ikkje må gå seg bort. Etterpå møtast orienteringsgjengen ved gapahuken for informasjon.

Kart og kompass er også med.

Gøy med orientering.

Får kunstgrasbane

Orientering er eit av idrettslaget sine nye satsingar. Gosch fortel samstundes at dei skal få hjelp med å kome i gong med aktiviteten frå orienteringsklubben i Molde.

Når sommarferien nærmar seg har dei planlagt å arrangere noko dei kallar ‘’Monsen-opplegget’’.

– Tanken er at vi skal la deltakarane vere ute i terrenget for at dei skal orientere seg om vegen heim sjølv tilbake, seier Gosch.

Idrettslaget har også andre aktivitetar tilgjengeleg – racketsport, badminton, styrketrening og allidrett.

– Vi har også eksperimentert litt med droner, og gymsalen har blitt brukt til å byggje løyper. Då var det mykje barn som kom, legg han til.

Ei ny kunstgrasbane vil dessutan snart kome på plass. Det er mykje å sjå fram til i Vågstranda idrettslag.