Surt bortetap for Vestnes Varfjell

Med enkle baklengsmål i fyrste omgang gjekk Vestnes Varfjell på eit surt bortetap 3-2 mot Malmefjorden.
Ifylgje klubben si heimeside var blåtrøyene gåvmilde i bortemøtet mot Malmefjorden fredagskveld.
Heimelaget sette tre mål bak Owen Connor i Varfjell-målet i fyrste omgang. Fredrik Røvik Eidskrem (2) og Stian Berg Rødal skåra måla for Malmefjorden medan Håvard Haugli Nybråten stod for Varfjell si skåring med ei avslutning frå spiss vinkel.
Det stod 3-1 på resultattavla idet dommaren blåste inn til pause. I andre omgang pressa Vestnes Varfjell på for å ta igjen motstandaren.
Mål på straffe
Elling Furland Olafsen hadde moglegheita for å redusere for Vestnes Varfjell litt ut i andre omgang, men heimelaget sin målmann stoppa avslutninga frå kort avstand.
Olafsen får rett nok skåringa si etter 85 minutt. Svein Erik Lange Male er med fram når laget endra formasjon, han blir dratt ned innanfor 16-meteren og Olafsen er sikker som banken på straffespark. Fleire mål blir det ikkje i kampen.
Varfjell-spelarane kan komme på vinnarsporet igjen fyrstkommande fredag, då kjem Eide og Omegn FK på besøk til Idrettsparken på Vestnes.