Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Vågstranda gjer seg klar for seriestart

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Bygda sitt sjuarlag i fotball sesongdebuterer heime mot Eide og Omegn Idrettslag måndag. Trenar Eskild Svendson fortel at spelarane er ein fin gjeng med frisk mot.

Måndag er det sesongstart for Vågstranda sitt sjuarlag i fotball, motstandar er Eide og Omegn IL på Hjelvik Naturgras.

Saka held fram etter annonsen

I serien skal dei raudkledde spele mot Bjørset, Eresfjord, Vistdal/Eidsvåg og måndagens gjestar.

Vestnes Varfjell hadde også påmeld eit sjuarlag, men laget blei det likevel ikkje noko av.

Artig med ein sosial arena

Trenar Eskild Svendson fortel at sjuarlaget eigentleg ikkje har fått trent veldig mykje.

– Vi har vore ein liten gjeng på trening som har vore inne i gymsalen på Vågstranda, men utanom det har vi eigentleg ikkje hatt nokon plass å trene for så vidt, seier Svendson.

Han legg til at dei rett nok har hatt nokre treningsøkter på Vestnes sin idrettspark.

– Kva er målet dykkar for sesongen?

– Hovudsakleg er målet å ha det kjekt, men vi vil nok prøve å plukke med oss nokre sigrar, det må vi håpe på. Men det er fyrst og fremst viktig at vi har fått kome i gong med å trene og kan ha ein sosial arena der vi får gjort det vi synst er artig, seier Svendson.

Idrettslaget med ny kunstgrasbane.

– Blir ein kjempefin arena

Trenaren fortel at laga i sjuarserien kjem til å spele tre kampar mot kvarandre på grunn av få lag.

Det synst han er litt dumt, men legg til at antal kampar passar bra for laget. Vågstranda kan ha spelarar som er er borte på arbeid i løpet av sesongen, laget får uansett spele litt fotball samstundes som ein har det artig.

Idrettslaget har fått ny kunstgrasbane, Svendson fortel at bana er meir eller mindre ferdig. Montering av mål står att, i tillegg til at eit ballfangarnett må kome på plass. Her ventar dei på ein leverandør på kva dei skal gjere vidare.

Saka held fram etter annonsen

 – Korleis blir det å ha eigen kunstgrasbane?

– Det blir ein kjempefin arena for dei unge og ungdommen der dei kan leike seg på skikkelege forhold. Bana har vore ei grusbane, det blir noko heilt anna med kunstgras. Eg håpar at vi får sjå mykje ungar som er der og leikar seg med ball og at det blir mykje aktivitet. Ikkje minst får sjuarlaget ein plass for organisert trening, seier Svendson.

Svendson håpar på mykje aktivitet på den nye bana.