Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Vestnes Varfjell rakna etter pause

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Blåtrøyene hang godt med før pause mot Træff 2, men rakna fullstendig i andre omgang og dei kvitkledde kunne reise heim over Romsdalsfjorden med 1-5 siger i bagasjerommet.

Det var dei tilreisande som starta kampen best på Vestnes idrettspark.

Saka held fram etter annonsen

Etter om lag 10 minutt ladar Håkon Bryni Reitan storkanonen, skotet går knallhardt i tverrliggaren. Gjestane beheld ballen, og ikkje lenge etterpå får ein spelar avslutta med heading etter eit innlegg, men heldigvis for heimelaget endar ballen nokre meter utanføre mål.

Vestnes Varfjell skapte ikkje noko særleg i fyrste del av kampen, men dei kom seg betrakteleg utover den fyrste omgangen.

Trettitre minutt er spelt når blåtrøyene får opp pulsen etter eit hjørnespark. Det er mykje fram og tilbake der ballen går via den eine og den andre før det blir ei avslutning på volley, men det knallharde skotet går ikkje inn.

Her ser du sjansen.

Skuffelsen over at ballen ikkje gjekk i mål vart gløymt fort, berre to minutt seinare tar Vestnes Varfjell leiinga. Elling Furland Olafsen får ei pasning frå lagkamerat Håvard Haugli Nybråten og avsluttar kaldare enn isbilen i det høgre hjørnet, 1-0.

Saka held fram etter annonsen

Gleda vart dessverre kortvarig for heimepublikum. Fem minutt før pause utliknar Træff 2, Mikael Wenaas er sist på ballen og laga kan gå til pause like langt med 1-1.

Rakna fullstendig

Siste førtifem av kampen må gå i den berømte gløymeboka for heimelaget. Kvalitetsforskjellen på laga vart alt for stor, Træff 2 hadde også med seg fleire spelarar frå fyrstelaget til måndagskampen.

Bortelaget tar fortent leiinga 1-2 etter mål av Adrian Grüner Bygland, som får ein enkel jobb etter pasning frå Wenaas på venstrekanten. Ikkje lenge etterpå står det 1-3. Bygland nok ein gong med mål, då stod det sekstitre minutt på stadiontavla.

Etter dei to raske skåringane gjekk lufta ut av Vestnes Varfjell. Bortelaget kunne rimeleg greitt auke til 1-4 etter at Bygland får hat trick etter pasning frå god-kompis Wenaas.

Og som ikkje det var nok fastsette Håkon Bryni Reitan sluttresultatet til 1-5, det var tidlegare Molde-spelar Makhtar Thioune som gav den målgjevande pasninga.

Vestnes Varfjell med frispark i andre omgang, det blir til slutt ei avslutning utanføre mål.

Hardt straffa

Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier til Vestnesavisa at laget sin fyrste omgang var veldig god, men at det var så høg kvalitet utover i andre omgang at dei blei veldig hardt straffa.

– Med den fyrste omgangen som vi har i dag, så feiar vi omtrent alle dei andre laga av bana, men når motstandarane har Tippeliga-erfaring og vi møter fleire andredivisjonsspelarar, så blir det for tøft for oss, seier Connor.

Neste kamp for Vestnes Varfjell er allereie på fredag, då ventar Malmefjorden borte.