Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Ein til legevakt etter utforkøyring

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ein bil skal ha køyrt av vegen ved Tresfjordbrua. Det melder politiet på X klokka 16:28.

Naudetatane er på staden. Det var ein person i bilen. Vedkommande vert køyrt til legevakt, men framstår ikkje som alvorleg skada.

Saka held fram etter annonsen

Det er litt trafikale utfordringar då det er manuell dirigering på staden.

– Brannvesenet har fått dytta bilen litt ut av vegen slik at dei greier å dirigere trafikken forbi, opplyser Rune Huse ved politiet sin operasjonssentral til Vestnesavisa.

Utforkøyringa skal ha skjedd på aust-sida av Tresfjordbrua.

Klokka 18:09 melder politiet at trafikken går som normalt og at bilberger har henta bilen.