Om lag 400 har rydda strandsoner rundt om i Vestnes i dag og tidlegare i veka. Fleste barn og unge, men også nokre vaksne frivillige stilte. Det er første gang Vestnesavisa arrangerer ryddeaksjon, men dette ga meirsmak.
– Eg har aldri høyrt om aviser som har arrangert ryddeaksjon før, fortel Randi Kjærstad Hagerup i Sunnmøre friluftsråd. No vil ho oppmode fleire aviser til å gjere det same.
Saka held fram etter annonsen
Fordelen er at vi i Vestnesavisa kan nå ut til eit bredt publikum, utan at det oppstår nokon interessekonfliktar. Samstundes har vi hatt eit godt samarbeid med Sunnmøre friluftsråd. Tilsette i Vestnes kommune har henta all søpla som er plukka frå Helland mot Tresfjord. Willy Rekdal ved Rekdal lagercontainerutleie køyrte rundt fredag og samla inn 260 kilo med søppel frå Tomrefjord til Helland.
Saka held fram etter annonsen
I tillegg vil vi rette ein megastor takk frå oss og fjørelivet i Vestnes til alle desse:
Fiksdal barnehage
Tomrefjord barnehage
Gardstunet barnehage
Fjerde og sjuande klasse ved Helland skule
Tomrefjord skule
Turgruppa Syltedamene i Tresfjord
Tresfjord EnSpire skule
Vike Montessoriskule
Kari Opstad og Endre Brekkhus
Strandsoneryddeaksjonen i Vestnes
Elevar frå Tresfjord EnSpire skule.Randi Hovden Olsen i vasskanten speidar etter søppel i Tresfjord. Tresfjord EnSpire skule nytta finevêret torsdagen til å rydde i fjæra. Hederlig innsats av Iben Linnea Høgseth som stikk handa ut i vatne. Willy Rekdal stilte frivillig med å hente søppel som var samla inn i Tomrefjord og på Helland. Da han kom på Øveråslia viste vekta 260 kilo, og det er mykje med tanke på mykje er plast og isopor.Avdeling Litago, Gardstunet barnehage viser stolt fram resultatet av ryddinga i fjøra rett nedanfor barnehagen.Fornøgde sjetteklassingar har samla seg rundt innsamla søppel og plast i Vikfjøra.Berekraftige gutar, supermann Sir Niklas Frostad held sekkane medan, til venstre; Aron Berg Hølgenes og Julius Motiejauskas ber supermann. Totalt 36 elevar går nå på Tresfjord EnSpire Skule. Nokre av dei tek ei pause i strandsona, der alle har tatt på seg jobben med fjørerydding.Rektor Kjetil Solem ved Tresfjord EnSPire skule med assistentane Ann Helen Rypdal og Simen Krogset, er svært tilfreds med barnas innsats. Dei var overraska over at det var mindre søppel enn forventa.10-åringane Noah Melby og Alvar Aas er bestevenar, trivast på skulen og er overraska over at folk kan kaste så mykje søppel i naturen.Elevar frå andre, tredje og fjerde klasse i full konsentrasjon for å gjere fjøra i Tresfjord rein.Fjerdeklassingane i Tomrefjord laga seg ein rullestol av noko av søpla dei fann. Tredjeklassingane er ferdig med ryddinga i Bårdsnesosen og nærliggande fjøre, no leitar dei etter krabbe.Fire-åringane Jostein Strand Aas og Maja Elise Bergheim Rørvik frå Fiksdal barnehage har funne mykje å puttte i sekken. Jostein fortel at han vil at fuglane ikkje skal sette seg fast i plasten for då kan dei dø.Fiksdal: barnehagen ryddar fjøra rein for skrot og plast. Kari Opstad og Endre Brekkhus har rydda frå Remmensvika og mot Helland sentrum. – Det var mykje søppel som tydelegvis var gammal, fortel dei. Spesielt på Livneset var det ein del. Miljøbevisste tiandeklassingar frå Tomrefjord skule har ein krystallklar beskjed til folk; – Rydd opp etter dokke!Strålande fornøgde arrangørar. F.v. Malin Giske, Trine Aas-Risvik og Randi Kjærstad Hagrup i Sunnmøre friluftsråd. Første til tredje klasse stiller opp utanfor Vike Montessoriskule, og viser fram søppelet dei har funne i fjøra. Førsteklassingane Bastian og Lukas, har plassert siste posen med søppel som snart skal bli henta av søppelbilen.Sjuandeklasse på Helland skule, 36 av totalt 71 elevar leitar etter søppel i 23 varmegradar. Elevane vart delt opp i grupper, der nokre starta i Remmemsvika, og gjekk i møte med dei som starta på Brastadstranda.Veteranlærar Torun Veriede, fortel at det ikkje er skattar alt som glimrar. Jentekvartetten Milga, Angela, Maria og Alva kastar glasbitar i posen. Dei meinar at glas og søppel ikkje høyrer heime på ei badestrand.Tre gutar i treet. Emil, Tyr og Jakob, som fann seg til rette i eit tre like ved.Då dei ikkje kom seg fram til fjøra ved Fagervikane på grunn av tett skog og bratt terreng visste Astrid Vik råd. Ho henta fram sup-brettet, slik at ho lettare kom fram til søppelet.Dei fem blide Sylteturdamene i Tresfjord var lite villig til å nemne alder og klassetrinn, men vart einig i at dei hører til avgangsklassen. Frå venstre; Randi Braute Sylte, Astrid Myklebust, Astrid Vik, Susan Sylte og Marit Sylte.Fann mykje: Tomrefjord barnehage rydde i Sterten-fjøra og fann imponerande mykje søppel.Søppelhaugen: Ein gut ser over all søpla dei har samla saman i Tomrefjord.
Fotografer til dette galleriet: Tormod Lien, Einar Baltzersen, Torstein Sønstabø, Trine Aas-Risvik, Kjetil Solem, Tomrefjord barnehage og Elin Janet Lid.
Saka vil bli oppdatert med fleire bilete og resultat!