På ferjekaia på Furneset stod førre måndag ein veteranbuss oppstilt. Den skulle til Måndalen. Inne i bussen var det ein lystig og glad gjeng med små og store flagg.
Det viser seg at dei skulle ta imot ein god nabo i Måndalen som hadde vore på ferie i Nord-Norge. Vedkommande visste absolutt ingenting om at ho skulle få ei slik mottaking.
Harriet Nilsen blei gledeleg og ikkje så reint lite overraska då ho blei klar over kva dei gode vennane i Måndalen hadde funne på. Det vanka klemmar og hurra-rop og vifting med norske flagg av den «galne» gjengen av nære og gode naboar. Harriet syntest det var eit artig påfunn og at ho slett ikkje hadde venta ei slik stor mottaking.
– Dei tok skikkeleg innersvingen på meg, fortel ho.
Barnehagemedarbeidar i 41 år
Harriet fortel at ho kom frå heimstaden Sortland rundt 1980 og starta med å arbeide i korttidsbarnehagar på Vågstranda, i Måndalen og i Innfjorden. Sidan har ho arbeidd i barnehagar i Måndalen og i Innfjorden til ho blei pensjonist for fire år sidan.
– I mi tid i barnehagar har eg aldri opplevd ein unge som ikkje har vore god på noko, og eg har heile tida hatt eit glimrande samarbeid med absolutt alle foreldre, seier Harriet.
Måndalen Torg
Harriet nyt no sitt pensjonistliv i ei leiligheit i Måndalen Torg. Her er eit svært godt sosialt miljø og her bur også mange av vennane som tok imot ho på Furneset.
– Ein gong i året arrangerer vi busstur som går til ulike mål i fylket, no i vår var vi i Kristiansund, fortel Harriet. Vi har også vore på turar utanom fylket, blant anna til Røros, Lillehammer og Oppdal.
Initiativtakar
Kari Merete Moen Volle er ein av naboane til Harriet og ho tenkte at ho ville sette pris på litt oppstuss då ho kom i land frå ferja på Furneset. Det opplevde den glade gjengen at ho gjorde til gagns. Kari seier at det er viktig i livet å finne på ting som skaper trivsel og glede mennesker imellom.
Ho fortel at dei i høve mottakinga inntok ein betre middag på Vestnes Fjordhotell og at turen blei avslutta med softis på Hydro i Måndalen.