Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Fortvilar etter fleire funn av flådde kattar

Organisasjonen Potespor åtvara måndag om pågåande alvorleg dyremishandling i Vestnes. I august kom dei over det femte tilfellet av ein drepen katt. Me åtvarar mot sterke bilete i saken.

– Me ønskjer å informere buande i Vestnes kommune og omegn om sjokkerande funn som nyleg er gjort i Vestnes. I løpet av dei siste åra ar me avdekt fleire tilfelle av ekstrem dyremishandling, der kattar ar blitt flådd og etterlatt daude. Me fann katt nummer fem i sjøen i starten av august, skriv Potespor på sine facebooksider måndag.

Saka held fram etter annonsen

Det vert opplyst at dei har mottatt fleire meldingar frå bekymra innbyggarar som har oppdaga det som tilsynelatande var påkøyrsel av katt, men som har vist seg å vere noko heilt anna.

Ein katt som var bukspretta og flådd. (Foto: Potespor)

– Vårt team har rykka ut og dokumentert desse groteske handlingane som viser ein urovekkande tendens til vald mot dyr i området, skriv Potespor.

Etterforskar

Potespor opplyser at dei ser alvorleg på saken, og har meldt tilfella til politiet. Dei samarbeider med fleire etatar for å freiste å finne ut kven som står bak.

– Me tar denne saken svært alvorleg, og har jobba tett saman med politiet og andre relevante myndigheiter for å etterforske hendingane og finne dei ansvarlege, opplyser Potespor.

Dei oppfordrar folk i Vestnes til å vere ekstra merksame og rapportere mistenkeleg aktivitet.

– Me treng støtte frå samfunnet for å bekjempe denne grusomme dyremishandlinga, opplyser organisasjonen.

Denne katten var flådd og dumpa. Potespor fryktar at det er ein eller fleire i Vestnes som utøver alvorleg dyremishandling. (Foto: Potespor)

Dei ber folk kontakte politiet om ein ser noko mistenkeleg, og gjerne informere Potespor. Dei oppfordrar også folk til å sjekke daude dyr ein ekstra gang før dei vert kasta eller gravlagt, og opplyser at dei kan bistå om ein er usikker.

Saka held fram etter annonsen

Flådd og drukna

Potespor har tidlegare ikkje opplyst om tilstanden på kattane dei har funne. Men no meiner dei at det er på tide å gå offentleg ut med dette.

Denne katten har blitt flådd og deretter kasta i sjøen. (Foto: Potespor)

Fire av fem kattar har vore flådd, og tre av dei har blitt funne i sjøen. Dei er no bekymra over kor mange fleire dyr det kan vere snakk om.

– Har du informasjon, eller noko du trur er relevant, sei frå til oss. Bruk di stemme for dyra. Me har teieplikt, så om du ønskjer å vere anonym, send oss ei melding eller ring oss så kan me bringe informasjonen vidare, opplyser Potespor.