Opne skular men ingen undervisning onsdag

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Dei offentlege skulane i Vestnes held ope onsdag for dei som ikkje kan ha forsvarleg tilsyn med barna heime. Det er klart etter eit møte i kriseleiinga tysdag kveld. Barnehagane held ope som vanleg.
Frå onsdag ettermiddag og fram til torsdag ettermiddag er det venta ekstremt kraftige vindkast i ytre strøk av Møre og Romsdal.
Saka held fram etter annonsen
Vestnes kommune set i verk følgande tiltak:
- Barnehagane held ope som normalt onsdag
- Dei offentlege skulane, inkludert vaksenopplæringa held stengt. Det vert ikkje gjennomført undervisning. Men skulane/SFO er opne for dei som ikkje kan ha forsvarleg tilsyn med barna heime. Foreldre er ansvarleg for transport til og frå skulen.
- Det vert ingen undervisning på kulturskulen onsdag, og alle kommunale fritidstilbod held steng.
- Kommunale dagtilbod/dagsenter held stengt.
- Vestnes kommune anbefalar lag og organisasjonar om å avlyse all aktivitet onsdag ettermiddag og kveld.
- Vestnes kommune oppmodar tilsette som har moglegheit til det å ha heimekontor.
- Kommunen ber dei som er pårørande til eldre og sjuke å halde eit ekstra euge med sine nære.
Vidare ber Vestnes kommune alle om å vere ekstra forsiktige så lenge ekstremværet pågåd, og opphalde seg minst mogleg utandørs.
Det vil kome oppdatert informasjon angåande torsdagen etter at kriseleiinga har hatt nytt møte onsdag.