Vestnesavisa
6 minutter lesetid

Å stemme er det viktigaste du kan gjere

8. september er, i alle fall for oss nordmenn, den viktigaste dagen i 2025. Det er stortingsval, og det er den dagen me vel den politiske retningen Norge skal ha dei komande fire åra. Men kvifor er det så få, i alle fall blant dei unge, som nyttar seg av røysteretten? Val er ikkje berre viktig. Det er eit privilegium me ikkje må ta for gitt.

Saka held fram etter annonsen

Mange kallar det å røyste for å «gjere borgarplikta». Eg er ikkje sikker på om det er den rette måten å omtale det å bruke den vikigaste retten ein kan ha som innbyggar i eit land.

Ei plikt er noko som det heng eit litt negativt vedheng på. Det er noko du MÅ gjere. Om du har lyst eller ikkje. Om du ikkje gjer pliktene dine, enten på heimebane, i jobb eller i samfunnet generelt så får ein ofte negative reaksjonar.

Det vert ikkje heilt rett å samanlikne det å nytte seg av røysteretten med den plikta ein har i heimen med å bidra med til dømes oppvasken.

I Vestnes er det knapt halvparten av menn under 30 år som nyttar seg av røysteretten. Kvifor er det ikkje fleire som går til valurnene? Er det ikkje interessant for dei unge å vere med og avgjere den politiske retninga til Norge?

«Det spelar ikkje noko rolle kven ein røyster på. Dei lovar og lyg alle saman» er eit argument eg ofte får høyre frå dei som ikkje er så interessert i valet.

Men det er feil måte å sjå på det. Ein skal ikkje høyre på politikarane i valkampen. Då er det flotte ord, gjeve lovnadar og uoppnåelege mål som vert presentert som vegen til politisk frelse.

Mi meining er at ein må sjå på kva dei ulike politiske partia har arbeidd for å få til. Ikkje nødvendigvis det dei har fått til. Men det dei har prøvd å få til. det er det som betyr noko. Det er det som viser kva partiet FAKTISK står for. Om ei står på valstand og lovar å gjere noko, for så rett etter valet vel å svelge ein kamel og legge det målet bak seg for å gi støtte til eit anna parti i bytte mot støtte i ei anna sak, så har jo ikkje det partiet gjort det dei lova.

Bry deg om det forsøket dei gjer. Det er det som er viktig.

Ved stortingsval er det mykje valdebattar på fjernsyn, i radio og i andre redaktørstyrte medium. Men det er også mykje politisk fronting i sosiale medium. Og det er ikkje berre positivt.

Ja, partia når breitt ut med sin bodskap på sosiale medium. Men algoritmane kan fort føre til at det vert eit ekkokammer. Veljarar som er usikre kan fort bli eksponert meir for eitt parti enn for eit anna. Då vert informasjonsflyten skeiv, og ein kan risikere at veljarar går til valurna med ein tanke om at det som står på røystesetelen er rett. Men denne avgjerda kan då vere gjrot på sviktande grunnlag fordi algoritmane meinte at det var dette partiet vedkommande var interessert i, og dermed skjulte informasjon frå andre parti. Ver kritisk til kva som dukkar opp i straumen på sosiale medium. Det er ei datamaskin som avgjer kva du ser.

Når ein ser på den politiske utviklinga rundt omkring i verda, så er det mange land som ein har rekna som demokratiske som har byrja å gå i ei retning som minnar meir om totalitære regime. Der myndigheitene får meir ogmeir kontroll over media, det vert sett inn militære styrkar for å hindre politiske motstandarar med å kome med sine synspunkt, og folk vert fengsla for å ytre seg kritisk mot den sittande regjeringa.

Det er difor svært viktig at me nyttar dei verkemidla me som innbyggarar har til å styrke demokratiet i eige land. Den beste måten me gjer det på, er å bruke stemmeretten vår. Me må vise at me bryr oss om korleis landet vert styrt.

Saka held fram etter annonsen

Som Frank Aarebrot sa: Heimesitting er ei halv stemme til dei du likar minst.

Smak litt på den før du bestemmer deg for å sitte heime.

Eit anna viktig moment med å møte opp på vallokalet eller å førehandsstemme er at dersom du lar vere å stemme, så har du heller ingen rett til å klage på dei vedtaka som politikarane gjer dei neste fire åra. Du hadde moglegheiten til å vere med og velje kven som skal bestemme, men du valgte å ikkje nytte den moglegheiten. Då ryk klageretten.

Mange har diverre ikkje moglegheit til å kome seg til røystelokalet på valdagen, eller til servicekontoret for førehandsrøysting i tida før valdagen. Heldigvis finst det ei løysing for dei. Det kan søkast til valstyret om å få røyste heime, eller der ein oppheld seg. Representantar frå valstyret vil då kome heim til desse og ta i mot røystesetelen. Dette gjer at også eldre, sjuke og rørslehemma enkelt kan nytte seg av røysteretten sin.

Det vert også utført institusjonsval, der bebuarar på Stella Maris og Hellandtunet kan røyste.

Skal DU nytte deg av røysteretten din? Det skal eg!

Godt val!