Vestnesavisa
4 minutter lesetid

La ungane betale med kontant

17. mai – barnas dag, nærmar seg med stormsteg. Det er ein dag synonymt med folkefest, is, brus, leik og moro. Men for mange vert feiringa bremsa av noko så enkelt som at dei ikkje får handle i kiosken.

Dette er ein leiar. Den gir uttrykk for Vestnesavisa si meining.

Saka held fram etter annonsen

Femåringen som har fått 100 kroner av bestemor til å kjøpe is og brus på 17. mai møter gjerne ein kontantlaus kiosk. Berre VIPPS blir godtatt. Og der står femåringen og kan ikkje gjere opp for seg for den isen han eller ho har så veldig lysst på.

Kvifor kan ikkje kiosksalt på 17. mai også ta i mot kontantar? No veit ikkje eg om det er aktuelt å ta i mot kontantar på feiringane i Vestnes. Men eg håpar det.

Mange barn har ikkje VIPPS. Dei vert då effektivt sett utestengt frå kiosken. Inntekta til arrangementet går også ned.

Tidlegare har det blitt argumentert med at det er for mykje arbeid å bruke kontantar. Men det er ein svært dårleg unnskyldning for å rett og slett vere lat. Det handlar om førebuingar. Dersom ein er godt nok førebudd på kontantsal er det ikkje særleg mykje meir arbeid.

Innteninga til arrangementet går jo også opp. Fordi salet aukar.

Me kan ikkje kalle det barnas dag, og ta frå barna ein av dei store gledene med feiringa. Ja; ein kan alltids argumentere med at «foreldrene kan jo bruke VIPPS i kiosken». Men det argumentet er heller ikkje godt nok meiner eg. Det er ein del av opplevingane til våre små og håpefulle å kunne gå i kiosken sjølv med pengane i handa og handle det dei har lysst på.

Saka held fram etter annonsen

Eit anna argument er å lære barna verdien av pengar. Ein VIPPS-transaksjon har ingen verdi i barna sine auge. Men når dei leverer frå seg ein seddel det står 100kr på, og får tilbake ein femtilapp og ein tiar, så ser dei at det vert mindre pengar i lomma. Dei lærer at når ein set att med mindre når ein brukar pengar.

Det er ikkje 17. mai som er rette arenaen og lære bort økonomi til ungane meiner du kanskje. Men det er noko barna må lære over alt.

Når barna kjem og kommenterer til oss foreldre at «det berre er å gå i banken og kjøpe pengar», så er det noko som skurrar. For som me alle veit, pengane kjem ikkje av seg sjølv.

Mi oppfordring er kort og enkel: La barna få handle i kiosken. Ta i mot kontantar og sjå gleden i barna sine auge når dei opplever den mestringa det er å handle på eiga hand!