Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Drepte og hardt skadde på fylkesveg i Møre og Romsdal dobla

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

I 2001 vedtok Stortinget Nullvisjonen med mål om å redusere talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken til null innan 2050. Gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP) 2025-2036 har som mål at ingen skal bli drept eller hardt skadd i trafikken. Alle parti støttar desse overordna måla, og det er brei semje i samfunnet om desse målsetjingane.

Saka held fram etter annonsen

I Møre og Romsdal skjer halvparten av alle trafikkulykker der personar i 2023 omkom eller vart hardt skadde på fylkesveg, i følgje fylkesstatistikken som fylkeskommunen utarbeider (2024). Medan talet på drepte og hardt skadde i trafikken går nedover nasjonalt, med ei halvering frå 2005 til 2020, aukar faktisk talet på drepne og hardt skadde på fylkesveg.

Etter ein reduksjon i alvorlege ulykker på fylkesveg i åra 2005 – 2014 med over ei halvering, er faktisk talet på drepne og hardt skadde på fylkesveg dobla dei siste ti åra. Det er altså nasjonalt ein sterk auke i trafikkulykker med alvorleg utfall på fylkesvegar, medan det i same periode er ein reduksjon i tal omkomne og hardt skadde for riksvegar, kommunevegar og andre vegar.

I høyringa til fylkesstrategien for samferdsel skriv fylkesordføraren at «vi (fylkeskommunen) skal halde fram med det viktige trafikksikkerheitsarbeidet», og eit av resultatmåla er at «Trafikksikkerheit og nullvisjonen skal vere høgt prioritert og bli lagt til grunn for alle oppgåver på samferdselområdet» og vidare at «Vi skal styrke trafikksikkerheitsarbeidet gjennom målretta tiltak og samarbeid…».

I budsjettet har fylkeskommunedirektøren foreslått null til posten trafikktrygging i 2026, null til posten trygg skuleveg/mindre trafikksikringstiltak i 2026, og null til posten veglys i 2026; vidare null til forsterking av fylkesveg i 2026, null i 2027, null i 2028, og null til gang- og sykkelveg i 2027, null i 2028 og null i 2029.

Saka held fram etter annonsen

Heller ikkje Høgre og fleirtalet har lagt inn investeringsmidlar til gang- og sykkelveg i perioden. Korleis kan fylkesordføraren hevde at fylkeskommunen satsar på trafikktrygging når det blir foreslått nær null på eit samla investeringsbudsjett på samferdsel på kr 2,8 mrd i perioden? Og korleis har fylkesordføraren følgt opp det politiske vedtaket frå Fylkesutvalet til nasjonale styresmakter om ein nasjonal dugnad for å løfte standard og tryggleik på fylkesvegane ved å løyve 1 mrd ekstra årleg til fylkesvegløft dei neste ti åra?

Innlandet fylkeskommune vann i 2023 prisen for beste trafikksikkerheitsinnovasjon i 2023, der Espen Strandvik Haugvik analyserte kurvene på fylkesvegnettet og kategoriserte dei etter ni ulike parameter for å identifisere hyppige ulykkestyper på fylkesvegnettet. Er fylkesordføraren enig i at ei tilsvarande analyse i Møre og Romsdal vil vere nyttig?

Per Ivar Lied
Senterpartiet