Vestnesavisa
5 minutter lesetid

E39 og Møreaksen: Investeringa som løfter heile regionen

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

E39 Molde – Ålesund og Møreaksen er prosjektet og investeringa som vil løfte og knytte saman heile regionen.

Saka held fram etter annonsen

Den nye rapporten frå Samfunnsøkonomisk Analyse (SØA) som mellom anna ble presentert for Samferdselsdepartementet 20.november underbyggjer og forsterkar argumenta for å bygge Møreaksen og Kjerringsundsambandet. Rapporten slår fast at prosjekta vil gje større samfunnsøkonomisk gevinst enn tidlegare berekna.

Møreaksen og Kjerringsundsambandet heng saman

Prosjekta Møreaksen og Kjerringsundsambandet heng saman. Realisering av Møreaksen betyr realisering av Kjerringsundet. Utan realisering av desse to prosjekta vil Otrøya og Gossen med ei befolkning på ca. 5000 stå utan fastlandssamband med dei negative konsekvensane dette har for både folk og næringsliv. Prosjekta heng saman og gir ein synergieffekt i form av auka trafikkgrunnlag, felles riggområde og bruk av steinmassane frå tunnelen mellom Otrøya og Vik til fylling over delar av Kjerringsundet. Dette gi bygnings- og kostnadsmessige fordelar.

Som vertskommune for eit av Nord Europas største industrianlegg, Nyhamna, er det og i eit beredskapsperspektiv svært viktig å få etablert fastlandssamband. Dette både i forhold til større ulykker, men ikkje minst i dagens sikkerheitspolitiske situasjon.

Det er tidskritisk å få realisert desse prosjekta. Det handlar om konkurransekrafta, attraktiviteten og legg til rette for næringslivs -og befolkningsmessig vekst i Møre og Romsdal.

Arbeidsmarknadsintegrasjon, verdiskaping og regional utvikling som resultat

Rapporten frå SØA vurderer samfunnseffektar av Møreaksen og Kjerringsundet utover det som tidlegare er analysert, med særleg vekt på arbeidsmarknadsintegrasjon, verdiskaping og regional utvikling. Rapporten får fram tre viktige aspekt ved realisering av dette viktige samfunnsbyggjande prosjektet. Det eine er gevinstane ved regionbyggjande tiltak. Det å utvikle ein støre bu -og arbeidsmarknadsregion vil legge til rette for større mobilitet, styrke konkurransekrafta til næringslivet og attraktiviteten for både folket som bur i regionen og ikkje minst dei som kan tenke seg å flytte hit. Det andre aspektet er at prosjektet vil bidra til å balansere den demografiske utviklinga i fylket vårt. Det blir ein stadig sterkare konkurranse om arbeidskrafta i både offentleg og privat sektor. Infrastrukturinvesteringar kan motverke dette ved nettopp å styrke attraktivitet og vekstevne. Det tredje aspektet som rapporten får fram er at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Berekningane viser produktivitetseffektar på 1,2 milliardar kroner i netto noverdi. Årleg verdiskaping blir anslått til ca. 71 mill kroner frå 2037. Aukra kommune får størst relativ gevinst, mens Ålesund får størst absolutte effektar i kroner. Ålesundsregionen vil altså tene aller mest på prosjektet.

Nullalternativet, fortsette som i dag er ikkje eit reelt alternativ

Molde kommune har gjort jobben sin med nødvendige reguleringsplaner for å kunne bygge Møreaksen. I Grandfjæra er store bustadprosjekt under realisering, og har blitt eit sentralt næringsområde i Molde, alt under forutsetning om at ferje skulle vere eit forbigåande problem. Den trafikale situasjonen med ei ferjekai med stadig aukande trafikk er ein heilt uhaldbar situasjon som lammar utviklinga i både Molde og regionen rundt. Eit null pluss alternativ med flytting vestover og bygging av nye ferjekaiar vil krevje enorme investeringar i infrastruktur. Dette vil og mest sannsynleg gje oss ferje til evig tid.

Vestlandet og ferjefri E39

I 2013 vedtok Stortinget to store samferdselssatsingar. Det eine, Intercity triangelet, låg på Austlandet, det andre, ferjefri E39, låg på Vestlandet. Ifølge rapporten «Ble Vestlandet lurt» utarbeida av Initiativ Vest har staten brukt totalt 103 milliardar kroner på å bygge dobbeltspor på Austlandet mot berre 2,9 milliardar på å erstatte ferjer på E39 med undersjøiske tunnelar og bruer.

I samband med siste NTP for 2025 – 2036 fekk Møre og Romsdal som har 5% av landets befolkning og produserer 11% av fastlandseksporten berre 0,25% av samferdselsmidlane! Arbeidet med revidering av gjeldande NTP starta no i desember 2025 og skal slutthandsamast av Stortinget i 2029. No gjeld det for Vestlandet og Møre og Romsdal at vi står saman for å sikre meir ressursar til å bygge ferjefri E39 på Vestlandet. I Møre og Romsdal må vi stå saman om å sikre ressursar til meir vegutbygging. Eit av prosjekta som då må flyttast frå å stå i ein utviklingsportefølje til å få status som eit prioritert prosjekt er det ferdigregulerte prosjektet Møreaksen.

Saka held fram etter annonsen

Regjeringa sitt mål i siste NTP om å få til betre mobilitet for menneske og næringsliv og dermed bidra til ein enklare reisekvardag for folk og auka konkurranseevne for næringslivet må og gjelde Vestlandet og vårt eige fylke Møre og Romsdal. Når nye tall og grundige analyser viser eit tydeleg behov for ny vurdering bør det også gje rom for nytenking. Dette skylder vi både dagens innbyggjarar og generasjonane som kjem etter oss.

Helge Kjøll jr.
Ordførar
Aukra kommune