Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Frp skuldar på alle andre, utan å løyse noko sjølv

Frank Sve prøver å få det til å høyrast ut som Senterpartiet sit med ein stor knapp på kontoret til sentralbanksjefen og skrur renta opp for moro skuld. Sanninga er sjølvsagt at renta blir bestemt av Norges Bank, basert på internasjonal uro, koronapandemi, energikrise og krig i Europa. Å skulde på Senterpartiet og regjeringa er ikkje berre useriøst – det er rein valgfleskretorikk. Eg har også lest udokumenterte tal frå Frp på kor mykje ein familie taper med vår politikk per år, det varierer mellom 170-200 tusen kroner. Dette har ikkje rot i verkelegheita, og det er synd at journalister ikkje tek seg tid til å stille Frp meir til veggs når det kjem slike påstander. Vi har prioritert familiar med billig barnehage, gratis kjernetid i SFO og auka barnetryg, det gjer at folk får behalde meir av pengane sine sjølv. 

Saka held fram etter annonsen

Vi i Senterpartiet veit at folk slit når prisane stig. Difor har vi auka straumstøtta, kutta avgifter og styrka jordbruket slik at vi framleis har norsk mat i butikkane. Endå viktigare er at vi har prioritert kommune- og fylkesøkonomien, og på det viset også barnefamiliar og eldre. Når lokalsamfunna får betre rammer, kan vi halde oppe barnehagar, skular, sjukeheimar og ferjer – i staden for å sentralisere ansvaret til staten eller store kommunar langt unna folk. Frp har i sine budsjett strupa kommuneøkonomien og resultatet om deira budsjett hadde blitt vedtatt er sentralisering, nedlegging av skular og dårlegare eldreomsorg. Politikken vår vil føre til at fleire busett seg i distrikta og i Møre og Romsdal. Det er heilt naudsynt, viss ikkje vil vi få store problem med manglande arbeidskraft om få år, problema har allereie begynt å vise seg. Det er ikkje nok med skattekutt til bedrifter om dei ikkje får tak i arbeidsfolk. 

Saka held fram etter annonsen

Frp lovar alltid gull og grøne skogar med store skattekutt, men erfaringa er at dei ikkje leverer. Rekninga kjem til slutt til vanlege folk – anten i form av kutt i tenester eller dyrare bompengar og gebyr eller avgifter.

Vi i Senterpartiet står for praktisk politikk som faktisk blir gjennomført. Vi har tatt ansvar i ei krevjande tid, og vi byggjer heile landet. Eg synst det er viktigare å kjempe for noko enn berre å vere imot det meste. Frp verker eigentleg mest interessert i å gi frå seg ansvaret når dei først får det, slik at dei i ettertid har nokon andre å skulde på.

Lisa Alvestad
Andrekandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal