Kjære mannfolk – kvifor er de overrepresenterte?

I 2020 var 87 prosent av dei som vart anmeldt for ruskøyring i Noreg menn. Dette er ein trist statistikk – at mannfolka er stabile fyllekøyrarar.
Eit raskt googlesøk på mannfolk og ruskøyring viser at dette er noko som har skjedd over heile landet heilt fram til i dag, då mange ulike aviser skriv om det.
Kvifor er det slik? Kva kan vi alle gjere for å redusere fyllekøyringa, og då først og
fremst hjå menn?
Det er nok ulike årsaker til at folk køyrer i ruspåverka tilstand. Førebyggjande arbeid i skular, idrettslag, fritidsklubbar og andre lag og foreiningar er viktig. Dette at ein oppmodar kvarandre til å ikkje kombinere rus og ferdsel i trafikken er alltid eit gode. IOGT har programmet Sterk&Klar med opplegg for foreldre, personar med minoritetsbakgrunn og idrettsleiarar om korleis vaksne kan førebyggje rusbruk hjå ungdom.
Tal viser at det er nesten dobbelt så mange menn som kvinner som skadar seg på
elsparkesykkel. I den statistikken er det ikkje kartlagt om det er rus involvert.
Men(n) – kva er det som gjer at mannfolka er overrepresentert både her og der i
trafikken på måtar som ikkje er helsefremjande, og som kan gå ut over andre
trafikkantar.
Sommaren er ei lys og fin tid. Vi i IOGT Region Midt-Norge håper mannfolka klarer å snu denne trenden med køyring i ruspåverka tilstand og at dei ikkje lenger skadar seg dobbelt så mykje som kvinnene på elsparkesykkel. IOGT har ein
sommarkampanje der vi samarbeider med Vinmonopolet. Dei har mange alkoholfrie drikkar i sortimentet sitt. Har du prøvd dei? Dei kan du prøve anten du er mann eller kvinne.
Leiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes