Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Nei til skravlekopp på Braud!

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining


Etter ein kafétur på MoldeTorget, legg ein merke til eit bilete som heng på veggen. Der står det mellom anna: «Dette er en kafé hvor raushet, inkludering og gode menneskemøter står i fokus. Kaféen og de som jobber her er viktige bidragsytere i folkebevegelsen mot ensomhet. Dere gjør en forskjell. Tusen takk

Saka held fram etter annonsen

Ta en skravlekopp – vær noe for noen!» Overskrifta er «Sertifisert SKRAVLEKOPPKAFE».

Det er laurdag og vi tar ein tur til Braud på Alti Vestnes. Vi sitt der nokre damer, eit par over 80 år. Ingen har fått tid til å kjøpe seg noko ennå, nokre har nettopp sett seg ned.

Plutseleg står ei lyshåra dame ved bordet vårt, fru Valaker. Smilet er på plass i andletet hennar, orda er kvasse som nåler. «Vi har fått klage på dette bordet her. De sitt her lenge, de tek opp plass, det er ikkje nok stolar til andre kundar. Det står ofte lang kø bort ved disken ved lunsjtider. Eg vil berre forberede dokke på at no blir det sett opp lappar på alle Braudbutikkane våre om at det ikkje er lov til å sitte her lenger enn to timar.»

Vi forsvarar oss med: «Vi er nettopp komne, og når er det eigentleg lunsjtid?»
«Frå kl 11.00 – 14.00,» svarar den lyshåra.
Vi ser på klokkene våre, dei viser 14.30.

Vi kikar oss rundt i kaféen. Det sit folk, 2 – 3 stk, rundt tre andre bord. Ikkje akkurat nokon trengsel, heller ikkje kø ved kassa observerer vi.

«Det brukar også å vere eit mannfolkbord her, som tar opp plass og som sit lenge.» Den lyshåra nikkar bortover i lokalet.

På dette tidspunktet har vi virkeleg lyst til å forsvare oss: «Vi kan gå på andre kaféar.»
«Ja, berre gjer det,» smiler fru Valaker.

Vi minnest orda frå Moldekaféen:
«Raushet, inkludering og gode menneskemøter. Folkebevegelse mot ensomhet. Vær noe for noen. Ta deg en skravlekopp!»

Gerd Berit Gjelsten
Berit Andreassen
Inger Ann Birkelund
Karin Baltzersen

Saka held fram etter annonsen