Skyhøg rente med AP og SP!

Ikkje lett for sentralbanksjefen, når dagens AP regjering med SP og SV på slep, har ført ein politikk som har skapt ein kostnadsgalopp, og høg inflasjon»
Dette har alltid vore konsekvensen av sosialismen sin politikk her i landet.
Kraftig auke av skattar og avgifter, og kraftig vekst i offentlig forbruk fører til dyrare varer og tjenester og press på prisane.
Skyhøge straumprisar og drivstoffprisar, har ført til kraftig prisvekst for alt av næringsliv, som må ta igjen kostnadsveksten med betydelig høgare prisar.
Kraftig økning av matvareprisar, auka målprisar i landbruksoppgjøret og regjeringa sin politikk har ført til tidenes høgaste matvareprisar som rammar vanlige folk kraftig, spesielt småbarnsforeldre.
Konsekvensane av dette, høg inflasjon og høg rente med meir enn 10 renteaukar med Støre og Stoltenberg.
FrP og borgarleg regjering har vist til det stikk motsatte, kutt i skattar, avgifter, strøm og drivstoffprisar , og kutt i offentlige forbruk, vil auke aktiviteten i næringslivet og senke inflasjonen.
Erfaringa frå 8 åra med borgarleg regjering, førte til stor positiv vekst i næringslivet, vanlige folk fekk beholde egne pengar, og renta gjekk ned mot null %.
FrP meiner næringslivet er det aller viktigaste no, og det må kuttast i offentleg byråkrati.
Vekst og utvikling for vårt næringsliv gjennom kutt i skattar og avgifter, formue og grunnrenteskatt der bedrifter som er lokaleig blir prioritert og ikkje trenger ta opp lån for å betale ein vanvittig urettferdig formuesskatt.
FrP vil la næringslivet få beholde og bruke egne penger, der vi meiner næringslivet veit best korleis dette skal gjerast, ikkje politikara som sløser vekk andres pengar på dårlige klima og miljø symbolpolitikk, slik som batterifabrikker og havvind.
Stem FrP, og la næringslivet få vokse, skape arbeidsplasser og bruke egne penger på best mulig måte.
Frank Sve
1. nestleiar i transport og kommunikasjonskomiteen
Samferdselspolitisk talsperson
Stortingsrepresentant for FrP