Vestnes kommune vil kutte en million på Helland ungdomsskule – det kan bli dyrt!

Vi i elevrådet ved Helland ungdomsskule vil gjerne løfte fram ei sak som uroar oss sterkt. Vestnes kommune har pålagt skulen vår å spare 1 million kroner innan jul. Det høyrest kanskje ut som eit tall på eit papir, men i praksis betyr det ein dårlegare kvardag for oss.
For oss elevar handlar dette ikkje berre om økonomi. Det handlar om kvardagen vår, undervisninga vår og framtida vår. Når kutta kjem går det rett på menneske. Både oss elevane, men også dei vaksne på skulen som betyr mest for oss i vår skulekvardag.
Vi forstår at kommunen har økonomiske utfordringar, men vi meiner det er urettferdig at dei skal løysast ved å kutte i barn og unge sitt læringsmiljø. Å satse på skule er å satse på framtida. Når kommunen vel å spare på oss, vel dei eigentleg å spare på framtida til heile kommunen. Er det verkeleg det politikarane i kommunen vår vil?
Vi i elevrådet meiner at politikarane bør finne andre løysingar. Vi ber dei tenkje seg om: vil Vestnes vere ein kommune som bygg ned skulen, eller ein kommune som bygger opp barna og ungdommane sine?
Vi håper lokalpolitikarane våre lyttar og vi håper lokalsamfunnet stiller seg bak oss. Helland ungdomsskule treng ikkje fleire kutt, tvert i mot, vi må styrkast!
Elevrådet ved Helland ungdomsskule.