Vestnesavisa
1 minutt lesetid

No kan du sikre deg stor næringstomt midt i sentrum

Dersom du går med store planar om å starte forretnings i sentrum, kan du no sikre deg ei sentral tomt. Bygget som husar Møbelsenteret, MØST og Larsen VVS er lagt ut for salg.

Eigedomen blir karakterisert som attraktiv av meglaren med god plassering og gode solforhold. Parkering er heller ikkje eit problem ved bygget i følge finn-annonsa.

Saka held fram etter annonsen

Bygget vart oppført i 1980 og vart påbygt i 1997. det nesten 1500 kvadratmeter store bygget vert i dag brukt til butikk, lager og rørleggarbedrift.

Prislappen er sett til 17,9 millionar kroner.

– Her kan det vere gode moglegheiter for tilrettelegging av ein større bygning, skriv meglaren i salgsannonsa.