Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Henger med dyrefôr velta i rundkøyring

Hengaren til eit vogntog skal ha velta i vegbana like ved Shell på Vestnes.

Politiet er staden. Det er ikkje meldt om personskadar, men det skal vere trafikale utfordringar.

Saka held fram etter annonsen

Vogntoget er lasta med dyrefôr. Det er lekkasje frå tilhengeren og ein del fôr ligg i vegen og i veggrøfta.

Velten skjedde like etter rundkøyringa på E39 i retning Ålesund. (Foto: Marius Husøy)

Uhellet skjedde like etter klokka 20 søndag kveld.

Trafikken vert dirigert gjennom Vestnes sentrum og Remmemsvegen.

Operasjonsleiar Ragnvald Knut Rasmussen opplyser at det vil ta tid å få berga hengaren og rydde opp på skadestaden.

I ei oppdatering klokka 22:30 meldte politiet at hengaren var flytta og at vegen var open i begge retningar.