Eg må ta på meg ein hatt slik at eg kan ta den av meg
Laurdag klokka 12 skjer det. Jaktgaleasen Søblomsten vert løfta opp og sett på sjøen. Ein viktig milepæle i prosjektet.
Det var mange som hadde meiningar om prosjektet som for alvor kom i gang i september 2020. Søblomsten kom heim og restaureringa skulle ferdigstillast her, etter mange år under arbeid i Rørvik.
Mange var positive. Men det var også mange som var skeptiske.
«Det går aldri». «Det er for mykje jobb». «Det er vel kommunen som sit att med rekninga når det stoppar opp».
Slike kommentarar høyrte eg ein god del av den første tida.
Men så vart det stille. Skeptikarane såg framgang i prosjektet. Dugnadsgjengen utstrålte pågangsmot og motivasjon. Ting skjedde i rask rekkefølge. Skuta som vart «fødd» i Vestnes byrja å ta skikkeleg form.
Det er ikkje småtteri som har blitt gjort i «teltet» på Katholmen dei siste fem åra. Rett nok berre tre av dei i telt. Den første tida stod Søblomsten ute, dekt av ei solid presenning som gav arbeidarane ly for vêr og vind.
Eg trur det var mange som fekk seg ei overrasking då plasthallen vart plukka ned førre veke og Søblomsten kom fram i dagslyset igjen. Det var ei heilt anna skute som kom ut enn det som kom inn. Med flotte fargar og ein detaljrikdom utan sidestykke i moderne arkitektur står den der som eit monument på kva ein kan få til berre ein vil det nok.
For det har ikkje stått på vilje. Kvar einaste dag i fem år har det vore aktivitet på eller rundt båten. Med unntak av nokre søndagar og andre heilagdagar naturlegvis.
Det er vilje som gjer at me no på laurdag kan ta del i den største hendinga i Vestnes kommune i moderne historie.
Det skulle vore interessant å sett timerekneskapen for prosjektet. For eg har ein mistanke om at det er lagt ned langt fleire timar enn det ein skulle tru.
Og kven er det som har vore ryggraden i det heile? Jo det er naboar, pensjonistar og båtinteresserte. Godt leiar av Peter Brennvik med si fagekspertise, samt innleidd bistand frå ulike instansar som til dømes Hardanger Fartøyvernsenter og andre.
Ein må heller ikkje gløyme jobben som vart gjort i Rørvik. Ein omstendeleg jobb som la grunnlaget for at gjengen her i Vestnes kunne fullføre prosjektet.
Finansieringa har vore delt mellom mange. Riksantikvaren gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune, GassROR og Kjell Inge Røkke er dei tre største. Men det er også svært mange lokale og regionale bedrifter som har bidratt på ulikt vis. Nokre har sponsa pengar, andre har sponsa arbeidstimar, materiale, eller tekniske installasjonar.
Summa sumarum har prosjektet ein prislapp på rundt 35 millionar kroner. Pengar som ikkje har kome av seg sjølv. Det har nok vore sendt hundrevis av søknadar om midlar i nesten like mange retningar.
Utan dei som har jobba for det finansielle i prosjektet hadde det neppe blitt invitert til folkefest på laurdag.
Alt i alt er dette eit prosjekt som alle i Vestnes kan vere stolte av. Det har sett Vestnes på kartet.
Og når Søblomsten ligg til kai, ferdig rigga og klar for «jomfruturen», så vil det setje Vestnes på kartet igjen.
Det er ikkje mange stadar i landet ein kan besøke ei skute som er så nært opp til det den var originalt enn her. Og når den seglar på fjordane i området i framtida kan alle i Vestnes kaste eit blikk utover og sjå mastetoppane som ruvar over dekk. Dei peikar oppover. Retningen det går om alle drar i same retning.
På mange måtar er Søblomsten eit symbol på kva ein kan få til om det er mange nok som vil det same, og ikkje gir opp sjølv om ein møter motgang. Med ståpåvilje, kreativitet og dugnad kan ein få til det utrulegaste.
Eg har ikkje for vane å gå med hatt. Men eg må ta på meg ein hatt slik at eg kan ta av meg hatten for alle som har bidratt til at Søblomsten kom heim att og vart sett i stand.
Torstein M. Sønstabø
Redaktør
Vestnesavisa



