Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Våren i anmarsj – men kor er hjelmen?

Du les no ein leiar. Det uttrykkjer Vestnesavisa si meining

Å vere uoppmerksom i eitt sekund er alt som skal til for å få livet øydelag. Risikoen er høgast no når våren snik seg fram frå vinterdvalen. Kvifor tar folk risikoen?

Saka held fram etter annonsen

Hjelm. Eit lett, godt og fornuftig tryggleiksreiskap. Men for at den skal fungere, må den vete på hovudet. Ikkje på sykkelstyret eller i garasjen.

Dagleg ser eg ungdom som kjem susande på el-sparkesyklar, syklar eller andre framkomstmiddel med hjul. Og det er supert at ungdomen brukar slikt i staden for å bli køyrt av foreldre, eller ta bussen.

Men alt for ofte har dei gløymt den livsviktige hjelmen. Eller gløymt og gløymt. Den heng gjerne på styret på sykkelen. Det kan i verste fall bli fatalt om noko skulle skje.

Og risikoen for at noko skjer no på våren er høgare. Spesielt på sparkesyklar. Dei har små hjul, og strøgrusen som framleis ligg på sykelvegar og fortau rundt omkring kan føre til plutselege endringar i kurs.

Om nokon lurar på kva som kan skje med hovudet til ein person om den smell i asfalten, ein murkant eller i fronten på ein bil i 20-30 kilometer i timen, så kan dei halde eit egg om lag 20 cm opp frå kjøkkenbenken og sleppe det. Det vert noko oppvask etterpå.

Det er ikkje berre ungdom som er flinke til å slurve med hjelmbruken. Seinast tysdag såg eg ein forelder som sykla. Barnet satt i sykkelsetet bakpå, godt polstra med gode klede og ein råstilig blå hjelm. Men forelderen? Neida. Der var det ikkje hjelm. Eg evnar rett og slett ikkje å sjå logikken i den tankegangen. Ein god hjelm kostar nokre få hundrelappar. Det er ei svært billeg forsikring mot at minsten i baksetet ikkje vert foreldrelaus på veg til barnehagen.

Saka held fram etter annonsen

Eit anna moment som kan vere greitt å tenke over er at ein faktisk kan få bot for å bruke el-sparkesykkel om ein er under 15 år. Det vil seie det er mamma og pappa som får boten. For den kostnaden kan ein kjøpe veldig mange sykkelhjelmar. For personar over 15 år er det ikkje påbudt med hjelm. Ein kan altså lovleg sykle utan hjelm. Men sjølv om noko er lov, så vil det ikkje seie at det er lurt. Det er faktisk lov å bruke hovudet og tenke sjølv.

Desse haldningane til hjelm er ikkje noko barna har funne på sjølv. Det er lærdom dei har fått anna plass. Og det er me vaksne som har skulda for dårleg hjelmbruk blant ein del ungdomar.

Eg unnar ingen å måtte få telefonen frå politiet om at deira kjære håpefulle har blitt spylt bort av asfalten etter ei ulukke fordi dei ikkje brukte hjelm.

Bruk hovudet! Bruk hjelm!

Torstein M. Sønstabø
Redaktør
Vestnesavisa