Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Edru på 17.mai – barna sin festdag

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

Når titusenvis av barn og unge vaknar til årets 17.mai-feiring, så står dei sentralt i en fantastisk nasjonaldagsfeiring. Tradisjonen med barnetog starta med ei enkel skoleparade i 1869, og har utvikla seg til den feiringa med barn og ungdom som vi ser over heile Noreg og i andre land der nordmenn er til stades.

Saka held fram etter annonsen

I seinare år har vi sett at denne tradisjonelle feiringa vert utfordra av champagnefrukostar og andre alkoholhaldige bobler gjennom dagen, med meir merksemd på ein god fest for dei vaksne. Dermed har dagen endra karakter, og Vinmonopolet melde i fjor om stor omsetningsauke i dagane før 17.mai.

Alkoholbruken aukar

I ei gransking gjort av Kantar for den ruspolitiske organisasjonen IOGT i fjor, svarde halvparten av dei spurde at alkohol tar for mykje plass på 17.mai. Like mange svarte at det har vorte vanleg å sjå mykje alkoholbruk på nasjonaldagen, og at dette vart oppfattet som problematisk.

IOGT meiner det beste vi kan gjere no, er å stille opp for det beste av dei verdiane vi har rundt nasjonaldagen. Vi må stille opp som trygge og trivelege vaksne i ei feiring som handlar om barn og unge sitt møte med viktige samfunnsverdiar som fellesskap, fridom og demokrati. I urolige og turbulente tider blir det ekstra viktig at vi legg vekt på ei feiring av slike verdiar, og at vi er tydelege på kva dette

handlar om overfor våre barn og unge. Vi bør ta ansvaret som gode vaksne rollemodellar, og la denne demokratifesten for Noreg også vere ein trygg og god fest for barna!

Fleirtalet meinar det vert drukke for mykje

55 prosent av dei spurde i IOGT-undersøkinga er enige i at det vert drukke for mykje alkohol i samvær med barn på 17.mai. Heile 62 prosent av kvinnene er uroa over denne utviklinga.

Når langt over halvparten av befolkninga meiner at det vert drukke for mykje rundt barna på 17. mai, må vi ta nokre grep som enkeltpersonar og samfunn. Kommunane våre kan utsetje skjenkestarten til ettermiddagen på 17.mai. Det vil gi mange barn ei tryggare oppleving av nasjonaldagen, også etter at barnetoga er over.

Saka held fram etter annonsen

Men det aller viktigaste grepet kan vere ditt og mitt val; at vi lagar ein trygg og rusfri nasjonaldag saman med barna, der alle generasjonar kjenner seg velkomne og trygge i feiringa.

Hurra for ein trygg og trivelig festdag for alle!

IOGT inviterer kvar enkelt og oss alle til å bli med på kampanjen «Edru på 17.mai – barna sin dag», og ta det rusfrie valet på denne dagen. Det handlar om verdien av trygge vaksne rundt alle barn, ei utfordring til lokalpolitikarar om kloke skjenketider – men mest av alt handlar det om ein festdag for barna våre!

IOGT Møre og Romsdal
Per-Arne Lillebø (leiar)