Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Ei hyllest til lokalavisene

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

Kvifor seier vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) at 2026 er «Lokalavisåret»? Fordi LLA snart blir 50 år – og lokalavisene er grunnfjellet i det norske demokratiet.

Saka held fram etter annonsen

Over heile landet, frå ytterste øyar til innerste fjordar, mellom bakkar og berg og livlege bydelar, finn vi ein lokalavis-flora som er heilt unik i verda. Redaksjonane er til stades for deg og lokalsamfunnet ditt. Lokalavisene held deg oppdatert, held makta i øyra og pirkar i det som ikkje fungerer. Lokalavisene løftar fram både dei små og store sakene – og fortel dei sterke historiane som ingen andre tek seg tid til å få fram. Lokalavisene er lim og lupe, fellesskap og fyrtårn.

Det er lokalavisene som er til stades når ei kunstutstilling eller ein ny lokal butikk opnar dørene – eller når den lokale fotballkampen sparkast i gong. Det er lokalavisa som er på kommunestyremøta, som intervjuar politikarar, som stiller kritiske spørsmål til kommuneleiinga, og som formidlar dei sterke historiene frå kvardagen til folk.

Ingen lokalaviser er perfekte. Det vil dei aldri bli. Ingen aviser rekk å dekke alle arrangement og alle hendingar. Også lokalavisene må kvar dag prioritere korleis dei bruker dei få, men flinke, folka på avishuset. I tidsalderen vi lever i, forventar dei fleste at også lokalavisene er «på» døgnet rundt, året rundt. For nokre år sidan var det godt nok at ei hending som skjedde på ein fredag, blei omtalt i papiravisa fredagen veka etter. I dag skal alt vere ute på nett berre etter nokre minuttar, gjerne med video, bildekarusell, lenkjer og kommentarfelt.

Samstundes som avisene oppdaterer nettavisa nærast døgnet rundt, må redaktørane og journalistane bruke sosiale plattformer for å få meir merksemd om eigen journalistikk. Mange fyller på med eigne podkastar, folkemøte og andre aktivitetar som skaper interesse og engasjement.

Dei fleste lokalavisene held framleis liv i papirutgåva. Ikkje av nostalgi, men fordi papiravisa finansierer mykje av den digitale utviklinga.

Vi som følgjer lokalavisene tett, er imponerte! Mange leverer betre journalistikk enn nokon gong. Lokalavisene set dagsorden og lagar innhald som får konsekvensar for lokalmiljøet. Vi ser lokalaviser som gjer ein forskjell i lokalsamfunnet.

Det er uvêr der ute. Desinformasjon, polarisering og ekko-kammer trugar både samfunnsdebatten og demokratiet vårt. Nettopp derfor er lokalavisene viktigare enn nokon gong. Dei byggjer tillit og fellesskap for oss. Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet – og bidrar til levande lokalsamfunn.

Saka held fram etter annonsen

Vi i LLA gler oss til å følgje og hjelpe lokalavisene på vegen vidare. Gjennom «Lokalavisåret» som vi no er i gang med, skal vi kvar dag framsnakke avisene. Det gjer vi blant anna gjennom ein digital lokalavisstafett som rullar og går heilt fram til 17. mai. Slik viser vi fram det flotte avislandskapet landet rundt.

Lokalavisene fortener alle heia-rop, all støtte – og deg og andre abonnentar som betaler for uavhengig, redaktørstyrt og lokal journalistikk. Vi treng lokalavisene.

Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser