Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Me kan vere stolte over at me har to skriftspråk i landet vårt

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

Dei siste åra har målrørsla markert 12. mai som nynorskdagen. For 141 år sidan, 12. mai 1885, vedtok Stortinget med stort fleirtal å jamstille dei to norske språka som me no kallar nynorsk og bokmål, som offisielle språk i Noreg. I år har me utvida til nynorskveka 6. mai – 12. mai.

Saka held fram etter annonsen

Noregs Mållag har vendt seg til tusenvis av offentlege etatar (medrekna barnehagar og skular), verksemder, organisasjonar, kulturfolk osb. med den enkle oppmodinga: Skriv nynorsk på nynorskdagen, og har fått svært mange positive tilbakemeldingar. Ikkje så reint få institusjonar og personar har følgt oppmodinga.

I 2002 vedtok eit samrøystes Storting å gravleggje den såkalla ‘samnorskpolitikken’ som hadde rådd sidan 1938. I tråd med dette fekk me ei Språklov (2022) som slår fast at me skal ha to relativt sjølvstendige skriftkulturar framover. Sameleis at eit overordna mål er at alle som bur i landet skal identifisere seg med både bokmål og nynorsk som sine språk.

Me kan vere stolte over at me har to skriftspråk i landet vårt. Nynorsk og bokmål er offisielle språk i Noreg, og er eit samla uttrykk for norsk identitet og historie.

Men me høyrer stundom at no går det nedover for nynorsken. Dette er ein premiss som ikkje stemmer! Mellom anna fordi det har aldri vore skrive så mykje nynorsk som i dag, og den politiske og kulturelle aksepten for nynorsk er større enn nokon gong. Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag, og den urbane motstanden mot språket vårt er vesentleg mindre enn for berre ti – femten år sidan. Nynorsk litteratur står sterkt og er ofte heidra med ulike litteraturprisar – til og med med den gjevaste av dei alle, Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse (2023). Og mållaget er i vekst.

Saka held fram etter annonsen

At alle lærer nynorsk i skulen, er avgjerande for respekt, forståing og likestilling mellom nynorsk og bokmål.

I 1907 vedtok Stortinget at gymnaselevar skulle ha eksamen i sidemål. Sidan då har sidemålsordninga vore sjølve berebjelken i norsk språkpolitikk.

No er sidemålsordninga under press att. Framstegspartiet vil gjere sidemål i skulen valfritt og nyttar slik ei positivt ladda formulering i propagandaen sin og i valprogrammet sitt. Me undrar oss over at sunnmøringen Sylvi Listhaug går god for dette.

Målrørsla sitt svar på Frp-utspelet er mellom anna at du må meistre eit språk for å velje det. Sidemålsordninga med karakter og eksamen sikrar at alle lærer nynorsk og bokmål i skulen og garanterer slik ekte språkleg valfridom, same kvar i Noreg du veks opp.

Noreg er eit tospråkleg land, og då må me ha tospråkleg opplæring for alle!

Lukke til med Nynorskdagen 12.mai!

Siri Kiviranta, leiar i Romsdal Mållag