Meg og SV
Lokalavisene siterte nyleg ei pressemelding frå Vestnes SV sitt årsmøte nyleg. Der står det at eg har gått ut av styret. I den grad eg bør forklare kvifor, kjem det her.
Grunnen er ei blanding av politisk og personleg. Den politiske delen kjem eg tilbake til seinare, eg har fått publisert ei mengd debattinnlegg gjennom åra og det du les no blir ikkje det siste.
Så har eg det siste åra vore plaga med ein betennelse i store delar av kroppen som har både hemma og irritert meg mykje. Konklusjonen det munna ut i er karpaltunnelsyndrom, ein tilstand der følelsen i fingrane blir redusert, fordi senene ut gjennom handleddet har svulma opp i diameter og ikkje lenger kan gli fritt fram og tilbake. Tunnelen er blitt for trang.
Og eg har starta ein prosess med ein, kanskje to, operasjonar. For å reparere hendene. Saman med omsyn til andre familiemedlemmer sitt ve og vel meiner eg difor eg ikkje bør delta i det politiske arbeidet i alle fall resten av 2026. Eg signaliserte tidleg dette til Vestnes SV, og er trygg på at lokallaget klarer seg utmerket utan meg.
Eg har også gitt beskjed om at eg ikkje stiller på Vestnes SV si liste til kommunevalget i 2027.
Geir Stokkeland


