Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Noreg må slutte å late som om alt ordnar seg av seg sjølv

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

Noreg er ikkje godt nok førebudd på kriser. Det veit vi, og det har vi fått tydeleg dokumentert. Likevel handlar mykje av beredskapsdebatten om rapportar som blir lagt i ein skuff, og gode intensjonar som aldri blir til praksis. Det har vi rett og slett ikkje råd til lenger.

Saka held fram etter annonsen

Totalberedskapskommisjonen sa det klårt i «Nå er det alvor»: Eigenberedskapen i befolkninga er for svak. (NOU 2023:17 «Nå er det alvor») Riksrevisjonen har i tillegg slått fast at mange sivile aktørar ikkje planlegg for tryggingspolitisk krise eller krig, og at rollene i totalforsvaret er uklare. Dette er ikkje små glippar – det er strukturelle svakheiter.

-Samtidig blir trusselbiletet meir alvorleg for kvart år: Russlands krig i Ukraina, sabotasje mot kritisk infrastruktur, digitale angrep, desinformasjon og meir ekstremvêr. Dette rammar ikkje berre Forsvaret. Det rammar heile samfunnet vårt.

Likevel får berre rundt 15 prosent av kvart årskull systematisk opplæring gjennom førstegongstenesta. Dei resterande 85 prosent får ingen. Det betyr at majoriteten av unge vaksne står utan både kunnskap og rolleavklaring dersom ei alvorleg hending skjer. Dette er ikkje ansvarleg.

KrF meiner at alle unge i vernepliktig alder som ikkje tek førstegongstenesta, skal gjennomføre eit obligatorisk beredskapskurs. Eit kurs som gir praktisk, nyttig og livsviktig kompetanse:

  • Eigenberedskap når straumen går og infrastrukturen sviktar
  • Førstehjelp og grunnleggande helsehandtering
  • Totalforsvaret: kva gjer samfunnet – og kva gjer DU?
  • Evakuering, samband og varslingssystem
  • Cybersikkerheit og handtering av desinformasjon
  • Naturkatastrofar: flaum, skred, ekstremvêr
  • Brannvern og sjølvforsvar

Dette kan gjennomførast på sommaren eller andre eigna periodar – langt rimelegare enn eit obligatorisk pliktår som er berekna til om lag 40 milliardar kroner årleg. For ein brøkdel av kostnaden kan vi gi ei heil generasjon grunnlaget for betre tryggleik, betre motstandskraft og betre beredskap.

Saka held fram etter annonsen

Noreg må slutte å late som om alt ordnar seg av seg sjølv. Vi treng handling, ikkje fleire rapportar i hylla. Når vi veit at truslane er reelle og aukande, er det uansvarleg å ikkje ruste opp den sivile beredskapen.

Obligatorisk beredskapskurs for unge er eit konkret, gjennomførbart og effektivt grep. Det er på tide å ta det i bruk. Norge kan ikkje vere best i verda på å vere uforberedt. Nå må vi handle.

Randi Walderhaug Frisvoll
KrF Fylkestingsrepresentant Møre og Romsdal