Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Om kommuneøkonomi og inndekning

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

Kommuneøkonomien og drifta av kommunen vår er noko dei aller fleste er opptekne av

Saka held fram etter annonsen

Vi har slitt økonomisk, det er ikke å stikke under ein stol, og det blant anna grunna den såkalla HVPU reformen. Der Vestnes kommune tok over Hellandheimen, og med det tok over drift og pensjonsansvar.

Ei periode fikk kommunen inndekking. Så forsvann vertskommunetilskotet. Nå har det vært vekke over fleire år. Pensjonsansvaret ovafor alle som har arbeiddd på Hellandheimen veg tungt i budsjettarbeidet. Og då er det kjekt å sjå at vårt arbeid i SV ovafor våre sentrale politikarar visast på stortinget.

Saka held fram etter annonsen

Nå kjem det opp forslag frå SV i stortinget som viss det går igjennom kjem til å ha direkte innvirkning på vår komuneøkonomi.

Der står det.  Sitat

«Stortinget ber regjeringen videreføre vertskommunetilskuddet til HVPU-kommunene. Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2027 vurdere å etablere en finansieringsordning for pensjonsforpliktelsene som følger av vertskommunerollen etter HVPU-reformen, som gjelder også etter at siste vertskommunebeboer er gått bort.»

Nå er det opp til dei andre politiske partia å minne sine sentrale politikarar på at nå må ein ta ansvar.

Skafti Helgason, gruppeleiar Vestnes SV.