Statsgodkjent habilitet?
Eg les at konsernsjef i Polaris Media Per Axel Koch er oppnevnt som styreleiar for Helse Midt-Norge for perioden 2026-2028
I nedslagsfeltet til Helse Midt-Norge eig Polaris media desse avisene: Adresseavisa, Sunnmørsposten, Romsdals budstikke, Møre Nytt, Vikebladet Vestposten, Vestlandsnytt, Nyss, Driva, Nytt i Uka, Åndalsnes avis, Bladet, Fosna-Folket, Frøya, Gauldalsposten, Hitra-Frøya, Innherred, Klæbuposten, Opp, Steinkjer24, Stjørdals-Nytt, avisa Sør-Trøndelag og Trønderbladet. Kanskje har eg gløymt nokon
Polaris media kontrollerer dermed mediehusa som skal formidle sanninga om helsetilboda i regionen til innbyggarane i Møre og Romsdal og Trøndelag. Artiklar publisert i ei av avisene blir gjerne formidla i ei eller fleire av dei andre avisene, alt etter aktualitet.
Blir det no færre kritiske artiklar om sjukehusa og helseplattformen og anna kritikk vi diverre har blitt vande med?
Får vi artiklar om at alt går så mykje betre no for sjukehusa og helsetilboda i regionen?
Vert det det vanskelegare å få fram sanninga om sjukehusa og spesialisthelsetenesta?
Kan vi ha tillit til at media formidlar det korrekte biletet av sjukehusa i Møre og Romsdal og Trøndelag?
Ja det er mange spørsmål ein kan stille seg no.
Staten som eig sjukehusa er også inne på eigarsida i Polaris media (indirekte eigarskap ved Folketrygdfondet).
Kanskje blir det eit tilsvar på dette innlegget som viser til at avisene er redaktørstyrte og at vi kan ha tillit til media vidare.
Men framleis er styreleiaren i Helse Midt-Norge også sjef for redaktørane og dermed alle journalistane som er tilsett i Polaris media.
Uansett vil koblinga mellom Helse Midt-Norge og dei største mediehusa i Trøndelag og Møre og Romsdal heite Per Axel Koch i minst 2 år. Koch si oppgåve som styreleiar i Helse Midt-Norge er å ivareta interessene til helseforetaket og helsetenestene i regionen. Så er det mediehusa der Koch er konsernsjef som skal formidle korleis dette går.
Betenkeleg?
Hans Olav Myklebust
Leiar i Møre og Romsdal FrP



