Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Svært positivt – håp om fastlandssamband

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

At regjeringa no endeleg har gitt Statens vegvesen marsjordre om å sjå på gjennomføringsrekkefølga for Møreaksen er svært positivt og gir håp om fastlandssamband og bygging av Kjerringsundet. Ei utredning av gjennomføringsrekkefølga vil i tillegg til å løyse ein svært krevjande trafikksituasjon i Molde, bidra til realisering av Kjerringsundsambandet og ikkje minst vere det første steget mot ein større, sterkare og meir konkurransedyktig bu -og arbeidsmarknadsregion. Dette er vinn – vinn for alle partar.

Saka held fram etter annonsen

Aukra kommune har over lengre tid kommunisert behovet for utbygging av fastlandssamband i samband med beredskap og då spesielt knytta opp mot ilanføringsanlegget på Nyhamna som både nasjonal og internasjonal samfunnskritisk situasjon. Det er nasjonen sine interesser og ansvar og ikkje Aukra kommune å sørge for tilgjengelegheita til Nyhamna er optimal. Med dagens fergeløsying veet ikkje dette ivaretatt.

For Aukra kommune er og dagens løysing med ferje og dermed stengte veg 85% av døgnet svært krevjande med tanke på å legge til rette for ei samfunnsutvikling som møter næringslivet sine behov, samt å optimal tilrettelegging for ein fleksibel og effektiv bu – og arbeidsmarknadsregion i ei framtid med stadig færre yrkesaktive. Fastlandssamband vil auke attraktiviteten rundt både det å bu og flytte til Aukra kommune, eit svært viktig perspektiv med tanke på mellom anna rekruttering av kompetanse til kommunen.

Saka held fram etter annonsen

Det er no viktig at ein står saman om å sikre god framdrift i utredninga til Statens vegvesen og at ein i vår region står saman om ei felles løysing for realisering av Møreaksen og Kjerringsundsambandet. Det som no har skjedd gir håp om at vi i fellesskap vil kunne få Møreaksen inn på eit spor kor vi ved komande rullering kan få oppstartsmidlar til realisering av Møreaksen.

Helge Kjøll jr.
Ordførar Aukra kommune