Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Tid for ein prat om kystlynghei?

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

Den siste tida har det vore fleire terrengbrannar i fylket. Mest inntrykk gjorde brannen ved Sukkertoppen i Ålesund. Når brannen går framover på brei front, er det ikkje så mykje som kan gjerast. Etter kvart gjekk intensiteten på nordsida ned. Ein del av fronten gjekk over til punkt og ein kunne sjå hovudlykter som små punkt der mannskap slost med flammane og glørne.

Saka held fram etter annonsen

Då dagslyset overtok, kom helikopteret og bomba med vatn når det ikkje var for mykje vind. Det gjorde nok godt for husa på sørsida av Sukkertoppen. Etter enno eit par dagar, kunne alle flytte heim. Faren var over. For denne gongen. Bybrannen for meir enn 100 år sidan  og brannen på Sukkertoppen kunne ha hamna på same lista, men denne gongen var hellet med oss.

Det er mange som bur slik til at dei har skog og lyng kring hus og heim. Kan det bli fleire slike brannepisodar? Tenkjer vi etter, så hadde vi nokre brannar i 2014, ein vinter det var mykje vind og lite nedbør. Det er berre ti år sidan, og den gongen var det ingen som kunne minnast noko liknande.

Det har vore nære på fleire plassar i fylket vårt. Både Smøla og Aukra har hatt sine episodar og heile fjellsider på Sunnmøre har vore svarte.

Eit felles trekk i alle desse brannane er kystlynghei. Det har brent i grov lyng. Det har brent i småskog der det tidlegare har vore kystlynghei. Der kystlyngheia ikkje har vore brent på nokre tiår, har villbrannar blitt mykje meir alvorleg og vanskelegare å slokke.

Kystlyngheia er ein del av Vestlandet sitt matkammer og beredskapslager. Stell av kystlynghei ved regelbunde sviing gjer at sau og delvis storfe kan gå ute heile året og i stor grad finne mat sjølve. Folk har overlevd på fjordfiske og kystlynghei før.

Saka held fram etter annonsen

Ei stelt kystlynghei har lite med grov lyng, buskar og tre. Kort og ung lyng brenn mindre intenst og er lettare å slokke. Etter 50 år eller meir er det no mykje lynghei som skrik etter å bli svidd på gamlemåten. Naturtypen kystlynghei er kritisk truga. Det er fleire gerasjonar med grunneigarar som aldri har svidd lyng. No må ein lære kunsten på nytt.

Det er ikkje like lett som før å svi kystlynghei. Det har kome opp så mange hus både i kystlyngheia og rundt ho. Når lyngen som kan brenne står grov oppetter skråningane og på toppen ligg det eit hus med god utsikt, då er den enkle svijobben gjort om til ei arbeidskrevjande manuell rydding som stadig må gjentakast. Der det før var ei grøft, kan det no vere ei trerekkje med sitkagran. Det gjer ikkje saka enklare, når det står ein garasje inntil trerekkja litt lenger bort.

Det er tid for å tenkje kystlynghei. Vi må disponere kystlyngheiareala våre slik at dei kan brukast og beitast til fordel både for naturen, landbruket, friluftslivet og branntryggleiken.

Øystein Folden
Fylkessekretær
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal