Vestnesavisa
6 minutter lesetid

Viljen til språkstrid  

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

I dag er Noregs Mållag 120 år. Vi vart skipa på eit «målmannastemne» før landsmøtet i Venstre 5. februar 1906.

Saka held fram etter annonsen

Målfolk frå heile landet hadde sett seg i stemne i Oslo for å bli samde om det politiske hovudkravet til landsmøtet i Venstre dagen etter. Etter ein lang debatt der argumenta og standpunkta skifta undervegs, vart dette hovudkravet vedteke: «den eine skriftlege prøva til artium skal vera på nynorsk (landsmål)». 

Nokre argumenterte for at målrørsla skulle gå inn for ein strategi med eigne nynorskskular. Strategien målrørsla valde, var altså ein strategi der vi ikkje ville kløyve landet, men kløyve mannen. Dagen etter opna Venstre-landsmøtet, og sidemålskravet frå målfolket fekk fullt gjennomslag. Eitt år seinare, i mai 1907, vedtok Stortinget ordninga med obligatorisk sidemålsstil til artium med over to tredels fleirtal. Målsak hadde tradisjonelt vore venstresak, men heile 13 av 31 Høgre-representantar i Odelstinget røysta for. Strategien frå målrørsla fekk fullt gjennomslag.

Elevane skulle heretter skrive eksamen artium i norsk både på landsmål og riksmål. Det er dette vi kjenner som sidemålsordninga. Alle som bur i landet vårt, skal lære seg både nynorsk og bokmål. Det ståande resultatet av denne språkpolitikken er at nynorsk og dialektane kan brukast over alt. Men sjølv om Stortinget har vedteke at nynorsk og bokmål er formelt jamstilte skriftspråk i Noreg, er det framleis slik at situasjonen for dei to skriftspråka er ulik. Mykje bokmål og lite nynorsk i samfunnet gjer at nynorsk har lågare status som bruksspråk og blir vanskelegare både å lære og å bruke. Dette fører til at mange byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, medan svært få byter andre vegen. Dette blir det gjort for lite for å demme opp mot.

Språklova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det minst brukte språket; nynorsk. Dette er eit steg på rett veg for ein språkpolitikk som anerkjenner at det er eit skeivt styrketilhøve mellom nynorsk og bokmål. 

Det walisiske språket har ikkje veldig mange fleire språkbrukarar enn nynorsk. Den walisiske regjeringa har sett seg eit mål om at 1 million skal snakke walisisk i 2050.

Dei har mellom anna over natta endra default-innstillingane til Microsoft på alle datamaskiner på offentlege kontor og i skulen. Tenk så fantastisk om alle nordmenn vakna til nynorsk språkinnstilling når dei kom på jobb eller skule i morgon. Det kom knapt ei klage i Wales. Det hadde gått fint i Noreg også.

Det er på tide at styresmaktene vågar å tenkje stort og på ein heilt ny måte – norsk språkpolitikk er for puslete, og styresmaktene bryt lovene kvar einaste dag.

Tenk om nokon rundt Kongens bord berre hadde sagt: veit de kva, la oss bli ein million nynorskbrukarar i dette landet og følgt opp med dei pengane og tiltaka som måtte til.

Det er den draumen.

Eit språk i mindretalsposisjon vil alltid ha vanskelegare levekår enn eit språk i fleirtalsposisjon. Å arbeide politisk for nynorsk er difor heilt avgjerande for at språket skal kunne halde fram med å vere eit levande bruksspråk i Noreg. Noregs Mållag meiner vi må syte for å ha ordningar som gjer nynorsk meir synleg i samfunnet vårt, og for at ordningane fungerer. Noregs Mållag er i dag, som for 120 år sidan, opptekne av at Stortinget skal fremje språkleg mangfald og difor bruke makta si til å fremje nynorsk. 

I invitasjonen til «målmannastemnet» for 120 år sidan var ikkje stiftinga av Noregs Mållag nemnt med eit ord. Men med eit skeivt smil kan vi seie at i 01:30-tida på natta eskalerte møtet, slik det fort kan gjere på nachspiel i Venstre, og Noregs Mållag vart skipa. På den tida var det allereie fleire lokale mållag rundt om i Noreg, og fleire leiande strategar i Oslo meinte at ein ikkje trong nokon nasjonal organisasjon. 

I Bergen tenkte Johannes Lavik, dåverande redaksjonssekretær i Bergens Tidende og aktiv i Vestmannalaget, annleis om saka. Han meinte at målsaka var ei nasjonal sak, og det var på høg tid å skipe eit Noregs Mållag. Eg har sansen for drivkrafta til Johannes Lavik. Han var det eg vil kalle ein nynorskstrateg. Han hadde vore heilt avgjerande då departementet godkjende den fyrste eksamenen på riksmål og landsmål skriven i Bergen fem år før, og det blir sagt at han på veg til Oslo kladda dei fyrste vedtektene for Noregs Mållag. 

Saka held fram etter annonsen

Han og andre må verkeleg ha kveikt målflokken den kvelden. Ut på natta skal lyset ha gått. Då reiste diktarpresten Anders Hovden seg og ropte «Men me har ljos innvertes!» og deretter song forsamlinga songen som Ivar Aasen skreiv: Mellom bakkar og berg – «Nordmannen» –  som har blitt sunge på kvart landsmøte sidan. 

Somme seier at vi bør ha meir kveik og mindre strid. Eg trur vi treng begge delar. Det som i alle fall er sikkert, er at vi etter 120 år med Noregs Mållag veit at vi treng ein sterk organisasjon. Og no er vi ein organisasjon med over 16 000 medlemer som er budde på å gå i bresjen for dei nynorskbrukarane som ikkje kan gjere det sjølve. 

Makta over norsk språkpolitikk kan ikkje liggje i utlandet. Noregs Mållag har i 120 år stridd for at den makta skal liggje her i landet og at Stortinget skal sikre språkleg rettferd og mangfald ved å stille krav til seg sjølv, kommunane og private aktørar. Og no også multinasjonale teknologigigantar. Nett slik skal vi gje nynorsken vidare til nye elevar og nye generasjonar, og saman skal vi berge det språklege mangfaldet for etterkomarane våre. 

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag