Minneord om Inge Engås
Ein god ven og omsorgsperson er gått bort.
Inge Engås var ein beskjeden person. Han var utruleg hjelpsam, både menneskeleg og økonomisk.
For å få ungdomshuset Ljosvang og ungdomslaget Frihug på Nerås til å bli eit samlingspunkt for alle som bur i bygda, var han ein sterk pådrivar i det økonomiske og i drifta av Huset og Laget.
Eg huska spesielt i 70-åra og starten av 80-åra då det såg ut som at både laget og huset var i ferd med å gå til grunne. Eg arbeida saman med han i mange år, og såg den store interessa han viste.
Samtidig hadde Inge Engås stor glede av å engasjere seg på andre områder i Romsdal. Han la ned eit stort arbeid i Romsdal Ungdomssamlag, der han var ein sentral person i fleire år. Han var med å laga juleheftet Jul i Romsdal, og han var den som oftast var med på årsmøte i Noregs Ungdomslag.
Kulturlivet var det som Inge Engås var sterkast knyta til. Han meinte at eit rikt kulturliv ville være til stor hjelp for bygdene, kommunane og regionen for å skape eit godt samhald i det frivillige arbeidet. Dette kunne være samfunnshus for det enkelte bygdelag, kulturhus for kommunane eller kulturarrangement i regionen.
Ein av dei som fekk økonomisk støtte med eit større beløp, var ungdomslaget Frihug. Det var i forbindelse med renovering av forsamlingshuset Ljosvang som han var ein stor forkjempar for.
Han var også ein god økonomisk støttespelar til andre kulturelle formål i kommunen.
Inge Engås dreiv eige rekneskapsbyrå og han var kjent for å være flink i bransjen. Både næringslivet og lag og foreiningar brukte han som rekneskapsførar og rådgivar.
Alle som kjente og hadde kontakt med Inge Engås, hadde eit positivt inntrykk av han. Han var ein real person, og hans lune veremåte gjorde at han var godt likt av alle. Inge Engås var ein god ven og ein samarbeidets mann i alle år. Derfor er det i dag tungt å oppleve at han er gått bort. Han vil bli djupt sakna.
Geir Kåre Sandnes



